Eksamensretta grunnskuleopplæring
Dei som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring. Sjå opplæringslova § 4A-1. Opplæringa er gratis. Søknad om grunnskuleopplæring skal sendast inn på elektronisk skjema, helst innan 1. mars. Skjema finn du her.
Undervisninga skjer ved Vaksenopplæringa i Ålesund kommune
Spesialundervisning for vaksne
Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, og vaksne som har særlege behov for å utvikle eller halde ved like grunnleggande dugleik, har rett til spesialundervisning, jamfør opplæringslova § 4A-2. Ta kontakt med Giske kommune om du har behov for slik opplæring.
Norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar
Flyktningar og andre innvandrarar kan ha rett til ulike typer opplæring. Nokre har plikt til å gjennomføre opplæring i norsk og samfunnskunnskap. For nokre er denne opplæringa gratis medan andre må betale sjølve. Kven som har rett og plikt til norskopplæring, er mellom anna avhengig av opphaldsløyve og alder. Du kan finne ut meir om dette på nettsidene til IMDI (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet).
Giske kommune tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til alle som har rett til gratis opplæring.
Ta kontakt med Vaksenopplæringa i Ålesund kommune om du ønskjer å melde deg på norskopplæring.
Arbeidsinnvandrarar
Dei som har opphald i Noreg etter EØS-regelverket, er ikkje omfatta av introduksjonslova, og har verken rett eller plikt til norskopplæring etter introduksjonslova. Det blir imidlertid stilt krav til kunnskapar i norsk og samfunnskunnskap for å få innvilga norsk statsborgarskap. Dersom du har ein arbeidsgivar, kan du få gratis norskopplæring gjennom ordninga Kompetansepluss. Ta kontakt med Vaksenopplæringa i Ålesund for meir informasjon og påmelding.