Forskrift for dei kommunale skulefritidsordningane i Giske kommune
Gjeld frå 01.08.2025
Heimel: Fastsett av kommunestyret i Giske kommune 26.09.2024 med lovheimel i lov og grunnskole og den vidaregåande opplæringa § 4.5 Skolefritidsordninga.
§ 1. Formål og innhald
Skulefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg, tilsyn og legge til rette for utvikling og læring.
§ 2. Retningslinjer og eigarforhold
Dei kommunale skulefritidsordningane i Giske kommune skal drivast i samsvar med lover, nasjonal rammeplan og forskrifter. Giske kommune er eigar av dei kommunale skulefritidsordningane.
§ 3. Opptaksmyndigheit
Opptak av barn til skulefritidsordninga blir gjort av eingsleiar på den enkelte skule. Oppgåva kan delegerast til dagleg leiar for SFO.
§ 4. Opptakskriterier
Skolefritidsordninga er åpen for alle elevar på 1. – 4.årstrinn. Det skal leggast til rette for barn med særskilde behov til og med 7. årstrinn. Dersom ein får utfordringar i høve kapasitet ved ei skulefritidsordning, vil opptaket bli gjort etter følgjande prioriteringar:
A. Elevar med særskilde behov 1. – 7.trinn. Jfr. opplæringslova §4-5
B. Elevar på 1. trinn.
C. Elevar på 2. trinn.
D. Elevar på 3. trinn.
E. Elevar på 4. trinn.
§ 5. Opptaksperiode
Det blir brukt digital påmelding i Giske kommune. SFO har eit hovudopptak med søknadsfrist 1.mars. I løpet av året blir det gjort fortløpande opptak, så sant det er ledig kapasitet. Skulen gir skriftleg melding om opptak til føresette. Når eit barn er tildelt plass i skolefritidsordninga, gjeld dette for 1.-4.trinn, - eller til plassen blir sagt opp. Elevar med særskilde behov må etter 4.trinn søkjast inn med grunngjeving. SFO-året følger skuleruta med oppstart første skuledag i august og avsluttar siste skuledag i juni. I tillegg kan ein kjøpe SFO-plass for ein 11. månad med tilbod i haustferie, vinterferie og i dagar før og etter skulestart.
§ 6. Åpningstid
SFO held ope alle kvardagar bortsett frå laurdagar, jul- og nyttårsaften, romjul, påskeveke, samt 5 studie- og planleggingsdagar.
SFO er åpen 10 månader og er feriestengt i juli. I skulefrie periodar utanom juli månad, for dei som kjøper 11 månaders plass, vil SFO tilbodet kunne vere samla på ein skule. Det skal vere minimum 3 påmelde barn for at SFO-tilbodet skal vere åpent.
Åpningstid er 7.30 – 16.30, men einingsleiar kan gjere lokale tilpassingar i samråd med samarbeidsutvalet ved skulen.
12 timar gratis SFO.
12 timar gratis kjernetid i SFO utgjer 2 timar og 24 minutt i snitt kvar dag, men blir tilpassa skuledagen etter oppsatt plan.
Kjernetida blir plassert etter skuletid.
Dei 12 gratis timane kan ikkje samlast opp.
§ 7 Ulik opphaldstilbod
- 5 dagar
- 4 dagar
- 3 dagar
- Ettermiddagstilbod
- Morgontilbod
- Kjøp av timar
- Kjøp av sommarferietilbod (11. månad)
- Kjøp av enkeltdagar og enkelttimer kan avtalast dersom det ikkje krev ekstra personell.
§ 8. Foreldrebetaling
Foreldrebetalinga blir fastsett av Giske kommunestyre ved budsjettbehandlinga. Giske kommune kan endre framtidige satsar, i hovudsak pr 1.august eller 1.januar, med ein månads varslingsplikt. Betaling av opphaldsavgift skal skje med forfall den 20. i kvar månad i 10/11 månader. Juli er betalingsfri månad. Betalingsregulativet skal følge kalenderåret. For elevar som blir meld inn etter skulestart/i løpet av driftsåret, blir det krevd foreldrebetaling for heil månad f.o.m. den månaden barnet er innmeld i skulefritidsordninga.
Tilbodet har friplassordning for 5.-7.trinn. Foreldrebetalinga inkluderer ikkje matpengar.
Foreldre kan søke om redusert foreldrebetaling i tråd med nasjonale retningslinjer. Frå 01.08.2024 har 1.,2. og 3. klassinga 12 timar gratis SFO-tilbod. Tiltaket vil bli berekna i IST, så føresette treng ikkje gjere noko for å få denne reduksjonen.
Ved henting etter SFO si stengetid, vil det bli krevd inn kr. 400 pr. påbegynt time, til dekking av ekstra lønnsutgifter.
§ 9. Oppseiing av plass
Oppseiing av plass skal gjerast elektronisk på SFO-portalen. Det er ein månads oppseiingsfrist, rekna frå den 1. i kvar månad. Det skal betalast for heile oppseiingsmånaden. Oppseiing og endring av opphaldstid for månadane april, mai og juni må gjerast innan 1.mars. Ved seinare oppseiing må ein betale ut juni månad. Endring av opphaldstid gjennom året skal skje elektronisk på SFO-portalen. Ved reduksjon av opphaldstid, gjeld dei same reglane som for oppseiingstid. Plassen kan berre reduserast ein gong pr. halvår. Manglande foreldrebetaling gir grunn for oppseiing av plassen. Eventuelle restansar skal vere gjort opp før ein elev kan tildelast ny plass i skulefritidsordninga. Restansen følger familien, ikkje berre det enkelte barnet. Ved endring av betalar i løpet av driftsåret, skal alle restansar frå den førre betalaren vere gjort opp.
§ 10. Styring og leiing
Einingsleiar har det overordna administrative og pedagogiske ansvaret for den lokale skulefritidsordninga. SFO-leiar har ansvar for den daglege drifta. Samarbeidsutvalet ved skolen er styringsorgan og vedtek ordensreglar for skulefritidsordninga.
§ 11. Foreldrekontakt
Minst ein foreldrekontakt blant foreldre som har barn i skulefritidsordninga ved starten av skuleåret skal bli valgt. Denne har møte og talerett i FAU. Den/dei skal ta vare på elevane og foreldre sine interesser i skulefritidsordninga, og fungere som bindeledd mellom foreldre/elevene, SFO-leiinga og skulen si leiing. Det skal vere foreldremøte på starten av skuleåret som ein del av skulen sitt foreldremøte, eller som eige møte.
§ 12. Personell
Personalet i skulefritidsordninga vert tilsett av einingsleiar. Grunnbemanninga i skulefritidsordninga må vere justert etter talet på barn og etter åpningstid. Intern Rettleiande norm for fulldelte skular/større skular er 2 vaksne inntil 29 barn til stades, og 30 barn utløyser normalt 3 vaksne. Deretter aukar bemanninga med 1 vaksen pr 15 barn. For mindre skulefritidsordningar skal grunnbemanninga vere forsvarleg, men kan avvike frå rettleiande norm og tilpassast talet på barn og lokale forhold. For barn med særskilde behov kan vaksentettleiken aukast for å gje gode utviklingsvilkår. SFO-leiar skal ved nytilsettingar ha godkjent pedagogisk kompetanse, minimum bachelor.
§ 13. Leike og opphaldsareal
Areala skal både ute og inne vere godt eigna til formålet.
§ 14. Årsplan
Ved kvar skule/SFO skal det utarbeidast ein skriftleg årsplan for innhald og organisering av skulefritidsordninga. Denne skal vere i tråd med den nasjonale rammeplanen for SFO. Einingsleiar er ansvarleg for at årsplanen blir utarbeidd.
§ 15. Ansvar
Skulefritidsordninga har ansvar for elevane i opphaldstida. SFO har dermed ikkje ansvar for elevane etter det tidspunktet dei har skriftleg avtale om å forlate ordninga. Dersom eleven forlet SFO-ordninga for å delta på anna aktivitet i ikkje-kommunal-regi, har SFO ikkje ansvar for eleven, sjølv om denne har plass på SFO i det aktuelle tidsrommet. Det er foreldre sitt ansvar å hente og bringe eleven til SFO.
§ 16. Teieplikt
Dei tilsette har teieplikt og opplysningsplikt etter same reglar som gjeld for tilsette i skulen, jf. opplæringslova §15-1 ,§15-3 og §15-4.
§ 17. Politiattest
For tilsetting gjeld krav om politiattest etter reglane i Opplæringslova §10-9. Endring av vedtektene skal godkjennast av kommunestyret
Endring av vedtektene skal godkjennast av kommunestyret.