SFO

Alle barneskulane har skulefritidsordning for elevar frå 1. til 4. klasse og for barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse. Elevar i 1. til 3. klasse har rett på 12 timar gratis SFO. Rektor er ansvarleg for skulefritidsordninga. 

Skuleåret 2025/2026

Giske kommunestyre har vedtatt nye vedtekter for skolefritidsordningane gjeldande frå hausten 2025. Blant anna har SFO-ordningane fått nye tider frå hausten 2025. Barna må meldast på 10 eller 11 månader i skuleåret. Det må søkjast om ny plass frå hausten 2025, men når eit barn no får tildelt plass i skulefritidsordninga, gjeld dette for 1. til og med 4 . trinn, eller til plassen blir sagt opp.

Det blir kravd betaling for ti månadar. Betaling blir kravd for ½ august og ½ juni og heil betaling frå september månad til og med mai månad. Dei som melder seg på ferietilbodet blir fakturert for 10 % ekstra for dei ti månadane. Det er høve til å endre levert søknad fram til 01.03.2025. Søkjar kan logge inn med id-porten og endre søknaden. Dei som alt har søkt om plass om tilbod kan endre søknaden til også å gjelde ferietilbod. 

Opphald i SFO i ferievekene
I haust-, vinter- og sommarvekene gjeld same opphaldstid som barnet er påmeldt elles i skuleåret. I desse vekene kan ettermiddagstilbodet gjerast om til tre dagar og morgontilbodet kan gjerast om til ein dag.

Dersom det er kapasitet kan foreldre etter avtale med SFO-leiarane kjøpe feriedagar. Pris for ein feriedag i 2025 er kr 677,-.

Det kan søkjast om plass i SFO for elevar i 1. til og med 4. klasse og for elevar i 5. til og med 7. klasse med særskilde behov. 

Elevar i 1., 2. og 3. klasse har rett på 12 timar gratis i SFO. Det kan søkjast om berre 12 timar gratis SFO, eller dei 12 timane blir ein del av tilboda i SFO som omfattar timar etter skuletid.

Lenke til søknadsskjema for plass i barnehage og SFO.

Søknad om redusert foreldrebetaling for opphald i barnehage og SFO

Det skal betalast maksimalt 6 % av brutto løns- og kapitalinntekt i husstanden per plass. Hushaldningar med låg inntekt kan søkje om redusert foreldrebetaling. Søknadane vil bli behandla når skatteoppgjer for 2024 for husstanden ligg føre. Kommunen hentar opplysningar direkte frå Skatteetaten. Anna dokumentasjon er nødvendig berre dersom inntekta til husstanden er vesentleg endra. Søknadar innkomne etter fristen blir gjeldande frå månaden etter at søknaden er innregistrert. SFO-tilbodet er gratis for elevar i 5. - 7. klasse. Det skal ikkje søkjast om friplass for elevar med særskilde behov.

Søknadsfrist for redusert foreldrebetaling er 31.07.2025. Lenke til søknadsskjema for redusert foreldrebetaling.

Skuleåret 2024/2025

SFO er open frå klokka 07.15 til 16.45 (16.30 på Godøy og Giske). 

Du søkjer om plass i SFO via Oppvekstportalen. Du treng ikkje logge på for å søkje plass, men du må logge på for å bekrefte at du tek mot plassen. Du må også logge på for å endre opphaldstid og timeplan eller seie opp plassen. Pålogging skjer via ID-porten (MinID, BankID, Commfides eller Buypass).

For at skulen skal kunne tilpasse bemanninga, må du melde frå i god tid om du ønskjer å bruke SFO på dagar med skulefri.  

SFO-ane i Giske kommune
Godøy skule SFO
Giske skule SFO
Valderøy skule SFO
Vigra skule SFO

SFO direkte

Giske kommune brukar SFO — Transponder til direkte kommunikasjon mellom foreldre og SFO/skule.  Føresette vil få tilsendt innloggingsinformasjon frå SFO/skule.  Løysinga tilpassar seg både PC, nettbrett og mobil.