Permisjon frå skulen

Forskrift om permisjon frå skulen i Giske kommune


Heimel: Fastsett av kommunestyret i Giske kommune 26.09. 2024 med heimel i lov 09.juni 2023 nr. 30 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) § 2-2.


§ 1 Formål og verkeområde:
Forskrifta gir informasjon om retningslinjene som gjeld for søknad om fri/permisjon frå skulen utanom dei oppsette ferie og fridagane gjennom skuleåret.
Forskrifta gjeld for elevar ved dei kommunale grunnskulane i Giske kommune.


§ 2 Forsvarligheit
Elevar skal kun få permisjon dersom opplæringa samla sett er vurdert som forsvarleg.


§ 3 Faste prøver
Det skal ikkje innvilgast permisjon i periodar med:
• Statlege kartleggingsprøvar
• Nasjonale prøver
• Eksamenar og tentamenar, skriftleg og munnleg, inkludert førebuingstid


§ 4 Øvre grense for permisjon per skuleår:
Elevar kan ikkje få permisjon i meir enn 10 skuledagar per skuleår.


§ 5 Permisjon i 1-3 dagar per skuleår
Søknad om permisjon i 1-3 dagar i løpet av eit skuleår skal innvilgast, dersom vilkåra i §§ 2-4 er oppfylt.


§ 6 Permisjon i 4-10 dagar per skuleår
Søknad om permisjon i 4 – 10 dagar skal innvilgast, dersom vilkåra etter §§ 2 -4 er oppfylte og tungtvegande grunnar talar for det. Tungtvegande grunnar kan t.d. vere spesielle arrangement eller markeringar knytt til politisk arbeid, organisasjonsarbeid eller familie, deltaking i idrettsleg eller kulturell konkurranse / stemne / treningssamling på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå, samt i forbindelse med utøving av sentrale verv i politiske eller andre landsdekkande organisasjonar /politisk arbeid på nasjonalt eller internasjonalt nivå.


§ 7 Sakshandsaming
•Søknad om fritak/permisjon frå skulen skal skrivast på fastsett skjema, og som hovudregel sendast
skulen seinast fire veker før eleven sin aktuelle permisjon startar.
•Unntaket frå denne regelen er søknadar om fri for 1-3 dagar. Slike søknader kan sendast direkte til kontaktlærar gjennom formell kommunikasjonkanal. Kontaktlærar handsamar slike søknader ut frå dei generelle føresetnadane for å kunne søke om permisjon/fri, som beskrive i dette reglementet.
•Vedtak om fritak/permisjon frå skulen er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova.


§8 Ikraftsetting
Forskrifta blir gjort gjeldande frå 01.08.2024