I. Innleiing
§ 1. Heimel
Ordensreglementet er fastsett med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2–9.
§ 2. Formål
Skulane skal vere prega av samarbeid, trivsel, respekt og medansvar. Ordensreglementet er eit verkemiddel for å oppnå dette, og for å sikre at skulesamfunnet skal vere ein lærings- og arbeidsplass der alle kan trivast og får høve til å gjere ein god jobb.
§ 3. Virkeområde
Ordensreglementet gjeld elevane ved alle grunnskulane i Giske kommune og gjeld i skuletida, under alle skulen sine arrangement, på SFO, leksehjelp og på skulevegen.
Den enkelte skulen skal i tillegg lage utfyllande ordensreglar tilpassa skulen sitt behov. Elevar og føresette/foreldre skal være med i utarbeidinga og evalueringa av reglementa.
II. Reglar for orden og åtferd
§ 4. Generell åtferd
Som elev har du både rettar og plikter.
1. Du har krav på at:
- alle behandlar deg på en ordentleg måte
- andre viser deg respekt og lar dine eigedelar være i fred
- du skal vere fri for fysisk, psykisk og verbal mobbing og alle former for krenkande åtferd
2. Du har plikt til å:
- vise omsyn og respekt for andre
- gjere ditt for å halde arbeidsro i timane og vise respekt for undervisninga
- møte presis til timar og avtalar
- hjelpe til å holde skulen sitt område reint og ryddig
- ta godt vare på alt som høyrer til skulen og SFO, både ute og inne og fare fint åt med skulebøker og anna undervisningsmateriell. Alle former for hærverk er forbodne.
Banning, slåssing og forstyrring av andre sin leik er å vise manglande respekt og omsyn.
3. Farlege gjenstandar
Det er ikkje lov å ha med seg eller bere kniv, våpen eller andre gjenstandar som kan skade ein sjølv eller andre.
4. Rusmiddel
Det er forbode å vere rusa eller bruke, oppbevare, omsetje eller ha med tobakk/snus/skrå, alkohol, narkotika eller andre rusmiddel
5. Mobbing, sjikane og annan valdeleg åtferd
- Vald eller truslar om vald skal ikkje aksepterast i skulen.
- Mobbing er fysiske og/eller psykiske åtak som over tid vert retta mot ein eller fleire elevar og/eller tilsette.
- Rasistiske utsegner og trakassering på grunnlag av kjønn, seksuell legning, etnisk og religiøs bakgrunn skal ikkje aksepterast i skulen.
6. Fråvær
Elevane har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Ved fråvær på grunn av sjukdom skal skulen ha beskjed før undervisninga startar.
Føresette må informerast om det ansvaret dei har for eleven sitt frammøte til undervisning etter opplæringslova § 2-1. Ugyldig fråvær blir vektlagt når eleven skal vurderast i orden.
Når det er forsvarleg, kan skulen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil 2 veker (opplæringslova § 2‑11). Rektor har delegert fullmakt til å avgjere slike søknader på vegne av kommunen.
7. Mobiltelefonar
Mobiltelefonar skal leggast bort og vere slått av i skuletida. Den enkelte skulen kan vedta å tillate bruk av mobiltelefon i undervisningstida når dette skjer i skjer i undervisningsrelatert samanheng. Skulen avgjer om elevane i ungdomsskulen kan bruke mobiltelefonen i friminutta.
III. Konsekvensar og refsingstiltak/sanksjonar
§ 5. Om refsingstiltak og sanksjonar
Alle sanksjonane og refsingstiltaka skal vere slik at elevane kan forstå kva for reglar som er brotne og kvifor skulen reagerer på dette. Konsekvensen bør kome så tidleg som råd etter regelbrotet. Tiltaka skal stå i rimeleg forhold til brotet på ordensreglementet. Før refsingstiltaka vert sette i verk, har eleven rett til å få forklare seg til den som skal fatte vedtaket. Det er berre dei elevane som er skuldige i regelbrotet som kan straffast. Fysisk avstraffing kan ikkje nyttast, men fysisk arbeid for å ordne opp i det som er øydelagt f.eks. rydding, vasking og reparasjon er tillate.
§ 6. Refsingstiltak ved brot på ordensreglementet
Brot på ordensreglementa kan medføre følgjande tiltak:
- Munnleg irettesetting
Munnleg melding til foreldre/føresette
- Skriftleg melding til foreldre/føresette
- Beskjed om å møte utanom vanlig skuletid
- Pålegg om tiltak for å utbetre skadar
- Våpen og farlege gjenstandar skal beslagleggast av skulen. Rektor må vurdere om saka skal meldast til politiet.
- Rusmiddel og tobakk skal beslagleggast og kan utleverast til dei føresette dersom desse ber om det innan ei veke. Deretter skal beslaget destruerast. Ulovlege rusmiddel skal overleverast til politiet.
- Midlertidig eller permanent bytte av klasse/gruppe. Foreldre/føresette blir informerte.
- Straffbare forhold skal normalt meldast til politiet.
- Bortvising
Ved bruk av vald og/eller truslar, særleg provoserande åtferd eller andre grove eller gjentekne brot på ordensreglementet, herunder også uro og forstyrring av undervisninga, grov språkbruk osb, kan elevar på 8.-10. klassetrinn visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar. Elevar på 1.-7. klassetrinn kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar og resten av dagen.
Leiinga ved skulen vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak. Foreldra til elevar på årstrinna 1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.
Foreldre/føresette til elevene skal varslast før bortvising blir sett i verk for resten av dagen på 1.-7. klassetrinn, jf. opplæringslova § 2-10.
Lærarar kan bortvise elever frå eigen undervisning avgrensa til to klokketimar. Læraren kan berre avgjere å sende ein elev ut av undervisninga, ikkje heim.
Skulen har som elles, ansvar for nødvendig tilsyn med eleven.
- Flytting av elev til annan skule
I særlege tilfelle kan det vere aktuelt å flytte ein elev til ein annan skule, jf. opplæringslova § 8‑1, tredje avsnitt. Rådmannen tek avgjerd i slike saker.
- Karakter i orden og åtferd
Ved gjentekne brot på ein eller fleire reglar i dette ordensreglementet eller den enkelte skule sitt tilleggsreglement, kan karakteren i orden og åtferd bli sett ned. I tillegg kan karakteren setjast ned ved særleg grove brot på reglementet, sjølv om det er tale om ei enkelthending.
- Juks
Ved juks eller forsøk på juks i samband med skulearbeid, kan rektor sjølv fastsetje at arbeidet blir annullert og/eller bruke andre reaksjonsmåtar i samsvar med dette ordensreglementet § 5.
IV. Saksbehandlingsreglar ved refsingstiltak.
§ 7. Generelt om saksbehandling
Saksbehandling ved brot på ordensreglementet følgjer reglane i opplæringslova § 2-9 og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova, herunder kap. III – kap. VI ved enkeltvedtak.
- Elevane skal alltid få høve til å forklare seg og, om det er mogleg, få høve til å gjere opp for seg.
- Føresette til elevar på 1. – 7. trinn skal varslast før det blir sett i verk bortvisning for resten av dagen.
- Sanksjonar kan bare gjevast til den eleven eller dei elevene som har gjort seg skuldig i regelbrot.
- Skade eller hærverk på skulen sin eigedom eller utstyr kan føre med seg erstatningsansvar for eleven i samsvar med Lov om skadeserstatning § 1‑1. Foreldre kan bli ansvarlege for barna sine handlingar etter Lov om skadeserstatning § 1‑2. Uavhengig av eiga skuld kan foreldre bli erstatningsansvarlege med inntil kr. 5000,- for kvar skadevoldande handling
- Skulen har ikkje erstatningsansvar for mobiltelefonar og anna elektronisk utstyr som elevane tar med til skulen. Det same gjeld kostbare klede, syklar eller andre private eigendelar.
§ 8. Kunngjering
Ordensreglementet, både det kommunale og skulen sitt eige reglement, skal gjerast kjent for elevar, foreldre/føresette og tilsette kvart år ved starten av eit nytt skuleår.