Foreldrebetaling og moderasjonsordningar
Foreldre med barn i barnehagen skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Familiar kan ha rett på reduksjon i foreldrebetalinga i samsvar med gjeldande moderasjonsordningar.
Makspris
Maksprisen for ein barnehageplass er 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2023. Maksprisen gjeld alle typar barnehagar, både offentlege og private. Satsen blir fastsett av Stortinget. I tillegg kjem kostpengar.
Fra 1. august 2024 reduseres maksprisen til 2 000 kroner per måned.
Moderasjonsordningar
Har du fleire barn i barnehagen?
Dersom du har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sjå til at du får reduksjon i foreldrebetalinga; søskenmoderasjon. Du skal få søskenmoderasjon uavhengig av om barna går i ulike barnehagar, og i barnehagar med ulike eigarar.
Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 prosent. For det tredje barnet og eventuelt fleire barn, har Stortinget vedteke gratis barnehageplass frå hausten 2023.
Har du låg inntekt?
Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt.
Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga
Dersom maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldninga, skal du ha ein redusert pris.
Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si per barnehageplass.
Dette gjeld både kommunale og private barnehagar. Kommunen fattar vedtak etter søknad.
Gratis kjernetid for 2, 3-, 4- og 5-åringar
Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringer, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt, rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.
Frå 1. august 2023 er inntektsgrensa for husstandar brutto løns- og kapitalårsinntekt lågare enn 615 590 kroner.
Fra 1. august 2024 er inntektsgrensen 642 700 kroner.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 1. august. Blir det søkt etter 1. august gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut barnehageåret.
Søknadsskjema finn du her