Sikker innsending av dokument til Giske kommune (eDialog)
Sikker post til kommunen (eDialog)
Bruk eDialog når du sender oss dokument. Då kan du vere sikker på at sensitive og teiepliktige opplysningar blir ivaretekne på ein trygg måte.
Derfor bør du bruke eDialog
Å sende dokument via e-post kan vere usikkert, og dei kan bli stoppa i spamfilteret hos e-postleverandøren din.
Ved å bruke eDialog kjem dokumenta dine raskt fram til oss på ein enkel og trygg måte.
Vi oppmodar både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar til å bruke eDialog for å sende dokument trygt til oss.
Slik brukar du eDialog
- Send sikker digital post til Giske kommune.
- Logg deg på med elektronisk ID.
- Skriv melding og last opp eventuelle dokument du vil sende til oss (dokumenta må vere i PDF-format).
Slik fyller du ut skjemaet
- Bruk fødselsnummeret ditt dersom det du sender oss gjeld deg som privatperson. Om du sender inn på vegner av ei verksemd/organisasjon, skal du bruke organisasjonsnummeret deira.
- Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
- Tittel: Her skal du fylle inn kva saka gjeld, gjerne saksnummeret om du kjenner til det.
- Kommentar: Gi ei god beskriving av kva saka gjeld.
- Hugs å laste opp relevante vedlegg (må vere i PDF-format).
- Klikk på Send forsendelse. Forsendinga blir kryptert og sendt direkte til vårt saks-/arkivsystem.
- Du får kvittering med referansenummer på e-post.
I kva tilfelle treng du ikkje bruke eDialog?
- Viss du har enkle spørsmål som kan svarast på via e-post.
- Viss førespurnaden din ikkje inneheld sensitive eller teiepliktige opplysningar.
Sist endra 14.10.2024 14.32