Ambulerande røysting til kommunestyrevalet 2023

Fram til torsdag 7. september kan du søkje om ambulerande røysting i Giske kommune.

Mandag 11. september er det kommunestyreval og fylkestingsval. Der vil vere ope fire valkrinsar med kvart sitt lokale på dei fire øyane våre med opningstider frå kl. 0900 til 2100.

Onsdag 6. september vil vi vere til stades på omsorgsinstitusjonane for å ta imot røyster frå bebuarar og brukarar.
Giske omsorgssenter kl. 1000 - 1200
Vigra omsorgssenter kl. 1300 - 1400
Godøy bukollektiv kl. 1500 - 1600

Har du på grunn av uføre- eller helseutfordringar vanskar med å kome deg til vallokalet?

Ta kontakt med kommunen om å få valmedarbeidarar heim til deg for å avgje røyst heime. Du kan enten ringe sentralbordet på kvardagar mellom kl. 1000-1400 på telefon 70188000 eller sende ein e-post til post@giske.kommune.no.

Vi treng ikkje dokumentasjon på behovet, men det må gå fram kvifor du treng ambulerande røysting.

Frist for å søkje om ambulerande røysting er sett til torsdag 7. september kl. 1200. Då må røysta avleggast før fredag 8. september kl. 1500.