Søknad om innføring i manntalet

Er du norsk statsborgar, busett i utlandet eller utanlandsk statsborgar med norsk folkeregistrert adresse siste tre åra, kan du søkje kommunen om å bli innført i manntalet. 

Vallova seier at ein norsk statborgar som er, eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Norge, har røysterett ved Stortingsval og Kommunestyre- og fylkestingsval.

Dersom du er utanlandsk statsborgar, men har vore folkeregistrert i Noreg dei siste tre åra, har du også rett på å bli ført inn i manntalet.

For å uttøve røysteretten din må du vere ført i manntalet seinast på valdagen. Alle kommunar er plikta å legge ut manntalet til offentleg ettersyn frå juli månad. Er du ikkje oppført kan du søkje om å førast inn i manntalet ved å sende inn ein skriftleg førespurnad til valansvarleg  i godt tid før valdagen.