Ordførar Kenneth Langvatn
Silje Giske
Kenneth Langvatn frå Høgre, ordførar frå 2023.
Vår fantastiske heimstad, Giske kommune, er rik på kvalitetar for både buande, besøkande og næringsdrivande. Vi har bustadområder og natur som mange andre berre kan drøyme om. Dette gjer oss stolte. Vår kommune har óg landbruk, fiskeri og næringsområder med enorme mulegheiter.
Kvalitetane gir oss også eit ansvar, når vi skal forvalte og utvikle dette for framtida. Kortsiktig perspektiv og gevinst kan stå i vegen for dei beste løysingane som sikrar best vilkår på sikt. Her spelar alt inn - til dømes organisering av omsorgstenester, tidleg innsats i skulen, jordvern for eit varig landbruk, næringsarealforvaltning, sentrumsutvikling for handel og servicetenester og Mykje meir. Dette ligg i hendene på dei folkevalde representantane for lokalsamfunnet. Her kjem både erfaring og ungt sinn til nytte når nye idear skal omformast til løysingar på stadig nye utfordringar. Eg som ordførar kjenner både på ei stoltheit som får representere dei folkevalde og innbyggjarane, og på eit ansvar som fyl rolla som politisk leiar.
Giske kommune skal framstå som ei opa og serviceinnstilt kommune. Innbyggarar og gjestar skal møtast med respekt, toleranse og løysingar som i størst mogleg grad er tilpassa den enkelte sitt behov. Kommunen har mange gode medarbeidarar som er på jobb for å møte desse verdiane, kvar dag. Ta kontakt med kommunen ved behov.
Beste helsing
Kenneth Langvatn
ordførar i Giske
Sist endra 10.11.2023 09.54