Barn og unge sin representant
Barn og unge under 18 år har ifølge plan- og bygningslova rettar nedfelt i dei rikspolitiske retningslinene.
Giske kommune har gjort politisk vedtak (2009) om at kommunen skal utnemne ein representant som er barn og unge si røyst i plansaker. Det vil sei at barn og unge sine interesser for leikeplassar, friareal, akebakkar, ballplassar, fortau, gang- og sykkelvegar med meir blir sikra.
Det politiske vedtaket slår fast at barn og unge sin representant er ein del av stillinga til pedagogisk rådgivar barnehage.
Mandat barn og unges representant: Ivareta barn og unges interesser i plan- og bygningssaker. Ansvar for å sjå til at det blir gjennomført medverknad med barn og unge i tråd med lovverket.
Kva er barn og unges interesser?
- Det må være enkelt og trygt å gå og sykle til skole, venner og fritidsaktivitetar,
- Det må finnes gode og trygge møteplassar og aktivitetsfremmande omgjevnader som gir varierte moglegheiter for sosialt samvær, leik og utfalding.
- Gode bustader i gode bymiljø der det finnes areal og steder der ulike aldersgrupper kan opphelde seg og utfolde seg.
Nesten all planlegging har innverknad på nærmiljø og oppvekstvilkår for barn og unge på kort og eller lang sikt. God og gjennomtenkt planlegging er grunnleggande for at barn får trygge oppvekstvilkår og eit godt utgangspunkt for god helse. Derfor er det viktig at dei som planlegg og bygger tar ekstra omsyn til barn og unge og deira behov. I saker som angår barn og unge bør barnetråkk og utsegner frå barna sjølv, elevråd og ungdomsråd brukas som dokumentasjon.
Medverking frå barn og unge er en kjelde til idear og forslag som kan gjere nærmiljøet meir spennande og attraktivt og betre tilpassa deira ønsker og behov.
For meir informasjon om barn og unge i plan og byggesak: Veileder om barn og unge i plan og byggesak.