Politisk

 Kommunestyret består av 23 valde representantar. Bland desse veljast ordførar og varaordførar. Under kommunestyret, som har all mynde det ikkje vel å delegere, er det oppretta tre utval inndelt på bakgrunn av fagfelt. 

Utvala er sette saman etter forholdstallsprinsippet.

Giske kommune er organisert i fleire utval:
  • Formannskap
  • Teknisk utval
  • Livsløpsutval
  • Kontrollutval
Kvart utval skal ha 7 medlemmer. Det skal vere gjennomgåande representasjon, men nokre varamedlemmer må nyttast. Minst eitt medlem skal vere frå formannskapet.
 
Kommunedirektøren får fullmakt til å justere delegeringsreglementet i tråd med vedtaket."
 
Utvala sine oppgåver er å stå føre den politiske førebuinga av saker som skal til kommunestyret.
Kommunestyret har 23 medlemmer. Formannskapet har 7 medlemmer, og der partsamansett utval er lagt til formannskapet.
Vidare finn ein følgjande utval i den politiske organiseringa:
- Eldrerådet
-  Råd for menneske med funksjonsnedsetting
- Brukarutvalet
 
Skal Giske kommune klare å oppfylle målsetjingane sine, så krev dette at at kommunen sin organisasjon til ei kvar tid er tilpassa oppgåvene.
 
Både kommunesektoren og oppgåvene er i stadig endring, t.d. ved at nye oppgåver blir pålagt kommunane. Kommuneadministrasjonen skal yte god service overfor innbyggarane og dei folkevalde organa.
 
Politikarane skal sikrast gode og fullstendige saksutgreiingar og ei effektiv oppfølging av alle vedtak. Målsetjingane vert gjort nærare greie for i kommuneplanen.