Individuell plan, koordinator og barnekoordinator
Individuell plan
Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte teneste har rett til å få utarbeida individuell plan
(jf. sosialtjenesteloven § 28, NAV-loven § 15, helse- og omsorgstjenesteloven § 7-1, spesialisthelsetjenesteloven § 2-5, psykisk helsevernloven § 4-1, pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5 og barnevernloven § 3-2a. Unge over 18 år som er deltakere i kvalifiseringsprogram har rett til individuell plan etter sosialtjenesteloven § 33.)
Planen skal vere eit dynamisk verktøy som gir enkel oversikt over situasjon og status. Giske kommune nyttar i dag Sampro i arbeidet med Individuell plan.
Reglene om rett til individuell plan etter dei ulike lovbestemmelsane er utdjupa i Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester - Lovdata. Individuell plan skal berre utarbeidast dersom personen sjølv ønsker det. Sjølv om reglane om individuell plan følger av ulike lover, skal tenestene berre lage éin individuell plan for kvart barn eller ungdom.
Koordinator
I nasjonal veileder for rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator står omtalt kommunen si plikt til å tilby koordinator til pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Plikta til å tilby koordinator gjeld uavhengig av om pasient/brukar ønsker individuell plan. Koordinatoren skal sørge for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbodet og evt framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator sine oppgåver er å sjå som helsehjelp. Koordinator samarbeider med fastlege, som har det medisinskfaglege koordineringsansvaret.
Les meir her: Koordinator i kommunen og spesialisthelsetjenesten
Barnekoordinator
Familiar som har eller venter barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstjenester og andre velferdstjenester, har rett til barnekoordinator etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5 c. Kommunen har plikt til å oppnevne barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a. Andre velferdstenester har plikt til å samarbeide med barnekoordinator når samarbeidsplikta på individnivå er utløyst.
Les meir her: Barnekoordinator
For å ha rett til barnekoordinator må barnet eller ungdommen ha alvorleg sykdom, skade eller nedsett funksjonsevne. Det er ikkje tilsvarande vilkår om psykisk og/eller fysisk tilstand for å ha rett til alminneleg koordinator. Vidare er det eit vilkår for å ha rett til barnekoordinator at barnet eller ungdommen har behov for både helse- og omsorgsteenester og andre velferdstenester. For å ha rett til alminnelig koordinator er det nok at barnet eller ungdommen har behov for helse- og omsorgstenester. Retten til barnekoordinator gjeld der barnet eller ungdommen er under 18 år. Det er inga øvre aldersgrense for alminnelig koordinator. Ein anna skilnad er at barnekoordinator kan oppnevnast før fødsel.
Vilkåra for å ha rett til barnekoordinator er samla sett strengare enn for alminneleg koordinator. Til gjengjeld inneber barnekoordinator ei utvida koordinatorordning, fordi familien er rettssubjektet, ikkje berre pasienten eller brukaren. Familieperspektivet er imidlertid viktig også for alminnelig koordinator.