Individnivå

På individnivå viser samhandlingsmodellen metoder, verktøy, rutiner og informasjon om korleis tilsette i Giske kommune arbeider for å identifisere og følge opp barn og unge som har det vanskeleg og treng hjelp frå kommunen.

Betre Tverrfagleg Innsats, BTI

Betre Tverrfaglig Innsats, BTI-modellen, er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom tenester retta mot gravide, barn, unge og familiar som det er knytt ei bekymring til. BTI-modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og foreldreinvolvering.

Giske kommune har utarbeida BTI-rettleiar, Giske – BTI – Betre samarbeid for barn og unge i Giske kommune (betreinnsats.no). Denne skal vise vegen frå uro/bekymring til handling, og skal gi tilsette betre oversikt og tilgong til relevante og gode verktøy og rutiner.

Ein barnehage og ein skule skal ta BTI-veilederen i bruk våren 2023. Frå hausten 2023 skal alle tilsette nytte BTI-veilederen ved uro og bekymring for barn, og unge.

Meir informasjon om BTI

BTI består av ein grunnmodell med tilhøyrande handlingsrettleiar, verktøy og kompetansen til dei tilsette.

Grunnmodellen i BTI beskriv korleis samhandlinga kan leggjast til rette på fire forskjellege nivå, avhengig av omfanget på vanskane som skal løysast og talet på aktørar som skal involverast:

Nivå 0: Her avklarar me om det er grunnlag for bekymringa
Nivå 1: Beskriv tiltak innanfor kvar enkelt teneste
Nivå 2: Beskriv eit enkelt tverrfagleg samarbeid, helst mellom to tenester
Nivå 3: Beskriv eit meir omfattande tverrfagleg samarbeid mellom fleire tenester

Handlingsrettleiaren (BTI-rettleiaren) er sjølve oppskrifta på korleis tilsette skal gå fram i konkrete tilfelle der ein er bekymra for barn/ungdom/familiar. Rettleiaren skildrar strukturane og prosessane ein skal nytta seg av i arbeidet med barn og unge, både innanfor kvar enkelt teneste og mellom tenestene.

Verktøya er dei konkrete hjelpemidlane ein kan og bør nytte i det daglege arbeidet med BTI-saker. Verktøya inkluderer spesifikke metodar eller rutinar som støttar handlingane i BTI-prosessen, heilt frå fasen der ein oppdagar og vurderer ei uro og vidare gjennom fasane med å avgjera, setja i verk og evaluera hjelpetiltak. Ein snakkar her om alt frå konkrete tips og råd til korleis ein samtalar med barn og unge til mal for korleis ein kallar inn og gjennomfører møte.

Kompetansen
Ein føresetnad for å kunne bruke BTI-modellen, er at medarbeidarane i kommunen har kompetanse. Her snakkar ein om to typar kompetanse:

- Kompetanse til å forstå og bruka samarbeidsstrukturane i BTI-modellen.
- Kompetanse til å utføra oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen. Dette inneber at ein må ha evne til å oppdaga barn/unge/familiar som gir oss ei bekymring, til å samtale med barn/unge og føresette, og ein må vera i stand til å gjera seg nytte av hjelpetiltak og andre hjelpetenester der dette er nødvendig.

Digitalt samhandlingsverktøy

I Giske kommune bruker vi DIPS samspill som eit digitalt verktøy for sikker samhandling og informasjonsdeling. Løysninga innheld individuell plan (IP), individuell opplæringsplan (IOP), enkelt sampel og stafettlogg. 

Innlogging DIPS produksjonsbase

Innlogging DIPS kursbase/øving - for tilsette

Barn og unge som pårørande

Tilsette i kommunen skal nytte BTI-rettleiar – Giske – BTI (betreinnsats.no) og sikre hjelp og støtte til barn og søsken som pårørende. I veilederen ligg verktøy og samtykkeskjema Verktøyet Snakkemedbarn.no kan nyttast for å øve på samtale. 

Nyttige informasjon
Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven) - Kapittel 2. Krav til helsepersonells yrkesutøvelse - Lovdata Helsepersonell skal bidra til å ivareta det behovet for informasjon og nødvendig oppfølging som mindreårige barn kan ha som følge av at barnets forelder eller søsken er pasient med psykisk sykdom, rusmiddelavhengighet eller alvorlig somatisk sykdom eller skade. Helsepersonell som yter helsehjelp til pasient som nevnt i første ledd, skal søke å avklare om pasienten har mindreårige barn eller mindreårige søsken og vedkommendes informasjons- eller oppfølgingsbehov.

Pårørendeveileder - Helsedirektoratet Denne veilederen handler om involvering av og støtte til pårørende i hele helse- og omsorgstjenesten. Veilederen beskriver pårørendes rettigheter og helse- og omsorgstjenestens plikter og gir anbefalinger om god praksis. Veilederen omfatter alle pårørendegrupper, uavhengig av pasientens eller brukerens diagnose, og inkluderer eldre, voksne, ungdom og barn som pårørende.

Pårørendesenteret er et nettsted for deg som er pårørende. Her finner du kunnskap, tips og råd, historier fra andre pårørende, og oversikt over rettigheter og hjelpetilbud. Nettsida har eigen informasjon om barn som pårørande (Ta vare på barna). Pårørendesenteret drifter også nettsiden UngePårørende som ressurs for barn og unge som pårørende, samt Pårørendeprogrammet som ressurs for fagpersoner som møter pårørende.

Barneperspektivet i NAV
Tilsette i NAV er pliktige å ivareta barneperspektivet.  
I formålsparagraf i sosialtenestelova (Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtjenesteloven) - Lovdata) står det at loven skal bidra til at utsatte barn, unge og deres familier får et helhetlig og samordnet tjenestetilbud. Arbeidet med å forebygge og redusere barnefattigdom samt å bidra til bedre oppvekstvilkår for utsatte barn og unge handler om å gi den enkelte muligheter til å utvikle seg og delta  i samfunnet. 

Tilsette i NAV skal kartlegge barna sin situasjon når dei følger opp føresette i arbeidsretta oppfølging. Ny veileder om økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven - nav.no

 

Individuell plan og koordinator/barnekoordinator

Barn og unge med behov for langvarige og koordinerte teneste har rett til å få utarbeida individuell plan. Planen skal vere eit dynamisk verktøy som gir enkel oversikt over situasjon og status. Giske kommune nyttar i dag Sampro i arbeidet med Individuell plan.  Individuell plan skal berre utarbeidast dersom personen sjølv ønsker det. 

Skjema for melding om individuall plan: Microsoft Word - Ynske om individuell plan.docx (giske.kommune.no)

I nasjonal veileder for rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator står omtalt kommunen si plikt til å tilby koordinator til pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Plikta til å tilby koordinator gjeld uavhengig av om pasient/brukar ønsker individuell plan. Koordinatoren skal sørge for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbodet og evt framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinator sine oppgåver er å sjå som helsehjelp. Koordinator samarbeider med fastlege, som har det medisinskfaglege koordineringsansvaret.

Familiar som har eller venter barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstjenester og andre velferdstjenester, har rett til barnekoordinator etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5 c. Kommunen har plikt til å oppnevne barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a. Andre velferdstenester har plikt til å samarbeide med barnekoordinator når samarbeidsplikta på individnivå er utløyst.

Skjema for melding om behov for koordinator: Microsoft Word - Melding til koordinerande eining (giske.kommune.no)

Brukermedverknad

På individnivå handlar medverknad om moglegheit til å ta aktiv del, uttale seg og bli høyrt før tiltak knytt til eigen situasjon blir sett i gong. 

Systematisk brukermedverknad

I BTI veileder og dokument utarbeida i samband med Samhandlingsmodellen, er det lagt inn spørsmål og sjekkpunkt som skal bidra til å sikre barn og unge si stemme. Dette inkluderer Rutine for brukermedverknad (lenke kjem) for tilsette som arbeider med barn og unge. 

Barneverntenesta har eiga prosedyre på Brukermedvirkning i saksbehandlingen - barn

God kommunikasjon og informasjon er viktig for reell medverknad. Alle som har avgrensa norskkunnskapar, har rett til tolk når dei mottek helsetenester. Retten til tolk i helsetenesta - Hovedportal (giske.kommune.no)

Stafettlogg/prosesslogg

Barnet og føresette er eigarar av ein Stafettlogg. Kommunen er i prosess og skal ha på plass digitalt samhandlingsverktøy, inkludert Stafettlogg. Midlertidig er det utarbeida ein prosesslogg i BTI-veilederen. I denne er sprøsmål/sjekkpunkt knytt til barnet si stemme, og signaturfelt for føresette.

Individuell plan

Det er barnet/ungdommen og føresette som står som eigarar av individuell plan (IP). Individuell plan er meint å vere eit godt verktøy for å fremme pasient/brukar sine interesser. Dersom pasient/brukar ikkje ønsker å få utarbeida en IP, har dei likevel krav på ein koordinator. Brukermedvirkning følger naturlig i koordinator sine oppgåver. 

Snakkemedbarn.no

Snakkemedbarn.no er eit digitalt opplæringsprogram om samtalar med barn. Verktøyet er laga med tanke på bekymring for vold eller overgrep, men er nyttig verktøy for å øve på samtale med barn uansett tema.  

SNAKKE  skal vere verktøy for alle tilsette som arbeider med barn og unge i Giske kommune. Fleire tilsette har deltatt på kursleiarkurs i SNAKKE. Verktøyet blir nytta i opplæring av BTI og helsesjukepleiarane bringer verktøyet med seg inn i Inkluderingsteama ved skulane og barnehagane. 

I Plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsproblem | Giske kommune er SNAKKE lagt inn som verktøy for målsetting knytt til tilsette si kompetanse på samtale med barn ved uro/bekymring.

Evaluering
Dokumentasjon

Barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte frå fleire aktørar kan oppleve å måtte fortelle si historie igjen og igjen, og at prosessar starter på nytt kvar gong dei møter ei ny teneste eller ein ny person i ei teneste. Gode system for dokumentasjon av arbeidet som blir gjort er viktig for å endre på den situasjonen. Samstundes skal systema ivareta blant anna personvern og taushetsplikt.

Individuell opplæringsplan / utviklingsplan

Elevar med enkeltvedtak om spesialundervisning skal ha individuell opplæringsplan. IOP skal bidra til å sikra at eleven får eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod. Formålet med ein IOP er å utvikla kortfatta og praktiske planar til hjelp i planlegging, gjennomføring og evaluering av opplæringa for elevar som har spesialundervisning

Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Det vil som regel vera formålstenleg å laga ei plan for den spesialpedagogiske hjelpa, IUP. Ein slik plan kan til dømes innehelde punkt knytt til innhald, omfang og organisering av hjelpa.

Dokumentasjonsplikt

Alle som gir helsehjelp er pliktige å føre journal, jf Dokumentasjonsplikt, kap.8 i Helsepersonellova. Verksemdene må sette helsepersonell i stand til å halde journalføringsplikta, og dermed må alle verksemder og tenester som yter helsehjelp ha pasientjournalsystemer.

Formålet med journalføringsplikten er å sikre at opplysninger som er nødvendige og relevante for en forsvarlig behandling av pasienten blir nedtegnet og kan gjenfinnes. Journalføringsplikten har også til formål å gi tilsynsmyndigheter og andre relevante instanser innsyn i helsehjelpen som er gitt.

Digitalt samhandlingsverktøy

Dei ulike tenestene involvert i hjelpe- og støttetilbodet til barn og unge ligg i ulike sektorar, følger ulike lovverk og bruker ulike system og verktøy. Inkludert system for dokumentasjon. Dette utgjer ei barriere for god samhandling. Når fleire aktørar er involvert, viser det seg at barnet/ungdommen og føresette si medverknad og eigarskap til situasjon og løysingar blir utfordra. Dette er bakgrunnen for at kommunen vil ha på plass digitale samhandlingsverktøy. Del av dette er Stafettlogg, der ein dokumenterer arbeidet med tiltak og evaluering. Barnet/ungdommen og føresette står som eigarar av ein Stafettlogg. 

Individuell plan

Individuell plan er eit dynamisk verktøy for arbeid med mål, tiltak, evaluering og koordinering for brukarar med behov for langvarige og koordinerte teneste. Giske kommune nyttar i dag DIPS i arbeidet med Individuell plan.