Inkluderingsteam i skule og barnehage
I barnehagane og skulane er det oppretta Inkluderingsteam. Inkluderingsteama er samansett litt ulike på skule og barnehage, men på begge arenaene skal teamet arbeidet både på system- og på individnivå. Ved uro/bekymring for eit barn eller ein ungdom skal den tilsette følge BTI-veileder. Når ein ikkje finn løysing eller har behov for å drøfte, kan ein spele saka inn til inkluderingsteam.
Medlemmar inkluderingsteam barnehage: styrar, minst ein ped.leiar, spesialpedagog tilknytt barnehagen, helsesjukepleiar (på individsaker), PPT inviterast ved behov. Barnevern, Psykisk helseteam barn unge familiar, fysio/ergo og andre evt samarbeidspartar kan konsulterast og inviterast ved behov (NN eller v/samtykke).
Medlemmar inkluderingsteam skule: Rektor, lærar(ar) med spesialpedagogisk kompetanse, miljøterapeut, helsesjukepleiar/skulehelsetenesta (individsaker). PPT deltek på møter med inkluderingsteamet i tråd med den årlege samarbeidsavtalen etter avtale kring systemarbeid og rutinane i «Handlingshjulet». Barnevern, Psykisk helseteam barn unge familiar, fysio/ergo og andre evt samarbeidspartar kan konsulterast og inviterast ved behov (NN eller v/samtykke).
Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis
Kompetanseløftet skal bidra til at det er tilstrekkeleg kompetanse tett på barna og elevane til å kunne førebygge utanforskap, fange opp utfordringar og gi eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert dei som har behov for særskilt tilrettelegging. Enkelt sagt kan ein seie at kompetanseløftet skal føre fram til eit klasserom / barnehagegruppe som «rommar meir». For å lykkast med det er tanken at ein må ha kompetanse på kva ein skal inkludere og korleis ein skal inkludere. Derfor er det gjennomført kartlegging av kompetansen, og det blir kompetanseheving basert på resultat frå kartlegging. Ein snakkar om laget rundt barna og at spesielle skal bli del av det almenne.
Dette løftet inneber også ei endring i PPT. Dei skal meir ut i barnehagane og klasseromma og arbeide meir forebyggande.
Måla i kompetanseløftet er at
- alle barn og elever opplever å få et godt tilpasset og inkluderende tilbud i barnehage og skole
- alle barn og unge skal få mulighet til utvikling, mestring, læring og trivsel - uavhengig av sine forutsetninger
- barnehager, skoler, PP-tjenesten og andre i laget rundt barnet og eleven må jobbe sammen for å skape et inkluderende fellesskap
- det pedagogiske tilbudet må tilpasses slik at alle får et best mulig utgangspunkt for utvikling og læring
Etablering av Inkluderingsteam kom som resultat av arbeidet med Inkluderande praksis i oppvekst. I arbeidet med å utarbeide modell for identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge, ser ein at særleg eit av måla i kompetanseløftet er bindeledd mellom dette arbeidet og Kompetanseløftet: alle barn og unge skal få mulighet til utvikling, mestring, læring og trivsel - uavhengig av sine forutsetninger. Ved å knytte helsesjukepleiar til Inkluderingsteam og opne for invitasjon til andre hjelpetenester, får vi betre kobling mellom oppvekst- og helsesektor.
Rettleiar Inkluderingsteam barnehage
Rutinar og samarbeid PPT-skule