Etiske retningsliner - verdidokument

Giske kommune har ansvar for viktige velferdstenester og forvaltar store ressursar på vegner av innbyggjarane. Folkevalde og tilsette må kvar dag gjere vedtak som betyr mykje for enkeltmenneske.

Giske kommune ønskjer å ha eit godt omdømme, med innbyggjarar som kjenner seg trygge på at dei får levert gode tenester, at kommunen driv etisk forsvarleg og tek samfunnsansvar.

Å drive etisk forsvarleg vil seie å opptre i samsvar med lover og reglar og i samsvar med etablerte oppfatningar av kva som er rett og gale.

Å ta samfunnsansvar vil seie at det blir teke omsyn til økonomi, miljø og sosiale konsekvensar av kommunal verksemd.

Vedlegg: