Kommunedirektøren er øvste administrative leiar i kommunen og står ansvarleg for kommunestyret i heile den kommunale verksemda.
Organisasjonskartet ligg her.
Leiarar i eining og stab:
Einingsleiarane har ansvar for kvar si eining under kommunedirektøren eller kommunalsjef. Einingsleiar har eit fullstendig driftsansvar for si eining innanfor tildelte fullmakter. Stabsleiarar er underlagt kommunedirektøren.
Det inneber følgjande typar av ansvar:
- Resultatansvar for å få utført dei arbeidsoppgåvene som kommunen/eininga har, slik desse går fram av plan- og styringsdokument og andre politiske vedtak
- Serviceansvar for at eininga møter brukarane sine på ein tenleg og korrekt måte
- Formelt ansvar som administrativ og fagleg leiar
- Arbeidsgjevaransvar som personalleiar/nærmaste overordna for dei tilsette i eininga
- Organisasjonsansvar som ansvarleg for ei effektiv drift og eit godt arbeidsmiljø
- Økonomiansvar med krav om effektiv og lojal bruk av tildelt økonomisk ramme ut frå budsjett og økonomi-reglement
- Samarbeidsansvar som m.a. inneber at ein må sjå si eining i høve til resten av kommunen, samt delta aktivt i m.a. leiarfora og samarbeidstiltak på tvers av einingane her under det å eventuelt vere teamleiar
- Ein organisasjonskultur som er kjenneteikna av gjensidig tillit og respekt, tufta på verdigrunnlaget for Giske kommune.
Publisert 08.02.2021 15.37