Når treng du skjenkeløyve?
Har du serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkebevilling.
Korleis få skjenkeløyve?
- Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøva for å kunne søke om skjenkeløyve
- Det er krav om uklanderleg vandel i høve til alkohollova
- Styrar og avløysar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
- Styrar og avløysar må vere over 20 år
Korleis søkje?
Elektronisk søknadsskjema.
Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt.
Vedlegg som må følge søknaden:
- Firmaattest
- Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar
- Leigekontrakt eller skøyte. Ved framleige må du også sende inn løyve til framleige og framleigekontrakt
- Grunneigar sitt løyve til uteservering
- Teikning av lokalet inne og ute
- Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigardelar oppgitt i prosent
- Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap
Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon, som for eksempel budsjett og finansieringsplan. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.
Kor lang tid tar det?
Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.
Publisert 14.02.2022 13.31