Skjenkeløyve - ambulerande og enkeltarrangement
Når treng du å søkje?
Du må søkje om skjenkeløyve om:
- Du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement
- Du leige lokale, tar betalt for alkohol eller om lokalet berre har serveringsløyve
- Du skal ha eit arrangement som er opent for publikum, i lokalar utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område
Kven kan få ambulerande skjenkeløyve?
- Søker må vere fylt 20 år
- Du må føre opp ein person som skal være ansvarleg for skjenkinga. Skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år
Korleis søke?
Elektronisk søknadsskjema.
Du kan bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt.
Kor lang tid tar det å få svar?
Behandlingstida er normalt to veker, men for større arrangement/festivalar må ein rekne med lengre behandlingstid
Kva kostar det?
Maksimalsats jf. forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk, § 6-2. Faktura blir sendt elektronisk.
Publisert 14.02.2022 13.15