Etablerarprøve for serveringsstad

Kven kan ta prøva?

Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøva. Om du skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad, og servere mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablererprøva.

Kva er pensum?

Boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum. På Vinn.no kan du kjøpe pensumhefte og teste deg sjølv på nettkurs. Kommunen har eit eksemplar av pensumhefte til utlån for dei som vil ta prøva.

Kva kostar det?

Maksimalsats jf. forskrift om etablerarprøve for daglig leder av serveringssted § 7.

Du kan betale med Vipps eller få faktura.

Kvar tar du prøva?

I Servicetorget på rådhuset. Du kan også ta prøva i andre kommunar. 

Gjennomføring av prøva

  • Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førarkort eller bankkort med bilde
  • Du må levere frå deg telefonen før du tar prøva
  • Prøva er ei elektronisk fleirvalsprøve som du kan bruke inntil 90 minutt på. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål
  • Prøva er på norsk, det er ikkje høve til å ha med tolk eller bruke ordbok. Det er tillat å bruke lovsamling, det kan du få låne i servicetorget

Tilrettelegging ved spesielle behov

Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest). Er du svaksynt, har funksjonsnedsetjingar, nedsett høyrsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det lar seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.

Kor mange gongar kan du ta prøva?

Du kan ta prøva på nytt heilt til du består. Du må betale per prøve.

Påmelding 

Ta kontakt med oss på telefon 70 18 80 00 eller på e-post for å avtale tid. 

Prøvebevis

Alle som består etablerarprøva får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi sender det til deg.