I Giske er dei fleste tilsette innan offentleg forvaltning, fiskeri, mekanisk industri eller transportsektoren. Mange pendlar også til arbeid i Ålesund, Sula, Haram eller Ulstein.
har fire satsingsområde:
- Fiskerikommunen Giske
- Infrastruktur/transport
- Matkommunen Giske
- Kreative næringar, identitet og omdømme
Fiskerikommunen Giske
Fiskeria er største næringssektoren i Giske. Desse inkluderar reiarlag, fiskeforedling og mekanisk industri som leverar til fiskeria. Giske er ein av landets største fiskerikommunar med ca 160 bedrifter, 700 tilsette og 2,9 mia kr i omsetning (2016). Kommunen har seinare åra gjennomført store investeringar i infrastruktur: Det er satt i gang mudring av satsingsområdet Gjøsund hamn mellom Vigra og Valderøya for å ta imot større båtar, og masse som blir tatt ut blir brukt til å skape nytt landareal på Gjøsundneset.
Infrastruktur og transport
Ålesund Lufthamn Vigra er nordvestlandet sin største flyplass. Transport til/frå flyplassen for over 1 mill. reisande årleg er primært med bil eller buss. Det undersjøiske tunnelsambandet mellom Giske og fastlandet/Ålesund blei opna i 1987 og fraktar om lag 10.000 bilar i døgeret.
Matkommunen Giske
Giske kommune har nokre av dei beste landbruksareala i fylket. Verdiskapinga frå fiskeria og fiskeindustrien, oppdrett og landbruk tilsvarar omlag 3 mia kr.
Kreative næringar, identitet og omdømme
Giske har lange historiske tradisjonar gjennom slekter som hadde ein sentral plass i norsk historie. Kommunen si rike historie, eit aktivt kulturliv, variert næringsliv og ikkje minst eit attraktivt kystlandskap er grunnlaget for kommunen sitt særpreg og sin identitet. Dette er viktige føresetnader for kommunen sitt omdømme og gjev grunnlag for levesett, busetting og rekruttering av arbeidskraft.
Kreative næringar som får merksemd i inn- og utland er etablert. Til dømes er Øygardshamna, som er etablert av eventselskapet Momentium, knutepunkt, arbeids- og møteplass for kreative næringar. Det nye Alnes fyr og opplevelsessenter på Godøya viser fram fyrhistoria i eit historisk og naturskjønt område - alt bidreg til å framheve Giske kommune sitt særpreg.
Sommerfesten på Giske, Giskespelet og nye idrettsanlegg skapar merksemd og aktivitetar for barn og unge. Kommunen har gjennom mange år også bidratt økonomisk til marknadsføring av lokalt reiseliv og opplevingar gjennom Giske Reiseliv og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS).