
Giske kommune opnar no for søknadar om kulturmidlar, og for 2025 er det ein auke i midlane. Det er sett av totalt kr. 290 000,- fordelt på kategoriane musikk, idrett og kulturminne/museum.
Det er sett av:
Kr. 120 000,- til idrett.
Kr. 120 000,- til musikk.
Kr. 50 000,- til kulturminne/museum.
Gå til søknadskjema
Ny søknadsordning - tilskot til kultur og frivilligformål
AI-bilde
I tillegg til dei ordinære kulturmidlane er det ei glede å kunne presentere ei ekstraordinær søknadsordning knytt til kultur- og frivilligformål 2025. Denne ordninga har som målsetting å stimulere til auka frivillig aktivitet og engasjement.
Drøymer du om å arrangere ein festival? Eller å invitere lokalbefolkninga til å ta vare på dei flotte kulturbygga våre? Då er dette ordninga for deg!
Midlane til kultur og frivilligformål er på til saman kr. 350 000,- og fordeler seg på 4 kategoriar.
- Tilskot knytt til Friluftslivets år 2025 - kr. 50 000,-
Søknadsordning for kultur- og frivilligformål 2025 - Friluftslivets år.pdf (PDF, 105 kB)
AI-bilde
Er det ingen av desse som treff dykkar prosjekt?
- Kr. 100 000,- til diverse søknadar knytt til idrett og kultur kan sendast til handsaming av formannskapet.
Søknad om desse midla kan sendast til post@giske.kommune.no