Giske kommune er prega av dei mange profesjonelle kunstnarane og det kreative miljøet i Øydgardshamna, Vi kan vidare nemne bl.a. Galleri Ellingstova ved Rune Molnes og dei mange kunstnarane som f.eks. Bjørn Brusdal, Sidsel Colbiørnsen, Ørnulf Opdahl og Trine Røssevold.
Kunstnarane Britt Rørvik Digernes, Marthe Spjelkavik Nordset og Trine Røssevold er i ferd med å etablere "Studio 1909" i det gamle skulebygget ved Valderøy gamle barneskule, også kalla "1909-bygget". Fleire er på veg inn i bygget.
"Studio 1909" (arbeidstittel) skal vere eit atelier / verkstad og aktivitetslokale for skapande / utøvande kunstnarar som er busette i Giske kommune. For å kunne ha tilhald i studioet må ein i tillegg:
- ha fagkompetanse innanfor det ein arbeider med, gjennom høgare kunstutdanning, relevant fagutdanning eller anna relevant kunstpraksis.
- bidra både fagleg og praktisk til felles aktivitetar på huset, jf aktivitets- / utstillingsplan.
"Studio 1909" er forankra i Kulturplan for Giske kommune 2016 - 2026 (PDF, 2 MB)og Strategisk næringsplan (PDF, 859 kB).
Publisert 09.10.2018 15.04