Pris for leige vert regulert i kommunens gebyr- og betalingssatsar kvart år.
Følgjande prisar gjeld for 2025:
Kommunestyresal og matsal:
Ved normalt bordoppsett vil det vere kapasitet til omlag 75 menneske i kommunestyresalen. Er det behov for betre plass og større avstand kan ein leige matsalen i tillegg då ein kan opne opp romdelaren inn til kommunestyresalen. Dette tilrår vi ved til dømes matservering på buffét.
Matsalen åleine har ein kapasitet på ca 30stk.
Møterom 1, 3 aust og 3 vest
Desse møteroma har kapasitet til om lag 10 personar rundt langbord. I kvart møterom er der moglegheit for oppkopling til digitalt møte på skjerm.
Møterom 3 aust og vest kan slåast saman.
Kapasiteten i møterom og sal er med atterhald om spesielle tilhøve som til dømes smittevernomsyn.
Det er høve til å henge opp flagg på førespurnad. Selskapet må sjølv syte for opphenging og nedtaking.
Ønsker du å reservere til ei anledning, ta kontakt med Ingvild Nautvik på epost ingvild.nautvik@giske.kommune.no .