Hjelp til å behalde eller skaffe bustad
Boligsosialloven gir vanskelegstilte på bustadmarknaden rett på bustadsosial bistand. Formålet med lova er å førebyggje bustadsosiale utfordringar, og bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden skal få hjelp til å skaffe seg eller behalde eigna bustad.
Kommunen har ansvar for å gi individuell hjelp med fokus på meistring og sjølvstende. Ein kan gi bistand i form av råd og rettleiing, hjelp til å søkje støtteordningar som startlån eller bustøtte, eller praktisk hjelp til å skaffe bustad.
Lov om kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet (Boligsosialloven)
Korleis kan kommunen bistå deg?
- Er du i ein nødsituasjon utan plass å bu, ta kontakt med NAV Giske
- Ønsker du å søkje startlån så søkjer du om dette på Husbanken – startlån
- Ønsker du å søkje bustøtte så søkjer du om dette på Husbanken – bustøtte
- Dersom du til dømes treng råd og rettleiing eller praktisk hjelp til å skaffe bustad, så kan du nytte søknadsskjema for bustadsosial bistand og skrive i søknaden kva du treng hjelp til Søknad om bustadsosial bistand
Søknadar om bustadsosial bistand vert behandla av bustadsosialt team som har møte ein gong i månaden. Teamet er tverrfagleg samansett med representantar frå samhandling og koordinering, helse og omsorg, Nav, flyktningtenesta og bygg og utvikling. Dersom søkjar blir vurdert som vanskelegstilt på bustadmarknaden skal det fattast vedtak om hjelp. Vedtaket skal skildre hovudinnhaldet i hjelpa.
Sist endra 10.04.2025 12.11