Psykisk helseteam for barn, unge og familiar ( 0 - 18 år)

Vi gir tidleg hjelp, oppfølging og behandling til familiar der barn og unge har psykiske plager, byrjande rusmiddelproblem og reaksjonar på belastande livshendingar. Vi er eit gratis tilbod for barn og unge frå 0-18 år.

Klikk på dei ulike temaene for utfyllende informasjon
Kven er vi?

Vår teneste er tverrfagleg samansett av  familieteraput og kognitiv terapeut. 

Vi  held til i andre etasje på Giske rådhus og og er tilgjengeleg måndag til fredag mellom  kl 08.00-15.30 etter avtale.

 

 

 

Kva kan vi tilby?
  • Individuelt samtaletilbod til barn/unge 
  • Foreldrerettleiing 
  • Råd og rettleiing til samarbeidspartnarar 
  • Familieterapi 
  • Kognitiv terapi
  • Samarbeid med andre hjelpeinstansar rundt barnet/ungdommen
  • Gruppetilbud til foreldre Tuning in to Teens 
Korleis komme i kontakt?

Det er lett å kome i kontakt med oss, ein treng ikkje tilvising frå lege eller andre. Foreldre/ungdomar kan sjølv  fylle ut tilvisingsskjema (PDF, 164 kB) eller ta  kontakt via telefon.  Andre instansar kan melda inn behov på vegne av born og unge, via skjema.

Har du spørsmål om tenesta eller er du bekymra for barn eller ungdoms psykiske helse enten som  foreldre eller hjelpar, kan du ta kontakt med oss innanfor vår telefontid måndag til fredag mellom kl 12.00-13.00 .  Vi er då tilgjengeleg for drøfting, rettleiing og for å finna ut kva som kan vere rett hjelpeinstans for barnet/ungdommen.

Telefonnummer: 900 37 511 eller 970 54 318  

Dersom det er behov for akutt hjelp ring 116 117

Burde eg ta kontakt med ein annen teneste ?

Giske kommune har fleire hjelpetenester. Kan helsestasjonen, miljøarbeidar/helsesjukepleiar  på skulen eller fastlegen vere ein hjelpar for deg?

Ved mistanke om lærevanskar eller anna strev i barnehage/skule, inkludert skulefråvær, bør ein visa barnet/ungdommen til Pedagogisk Psykologisk Tjeneste (PPT).

Viss du har fylt 18 år kan du ta kontakt med Psykisk helse og rustenesta

Dersom det er behov for akutt hjelp ring 116 117

Informasjon om TALK prosjektet ( høgtfungerande autisme)

Det overordna målet med TALK prosjektet er meistring av eige liv hos personar med høgtfungerende autisme i Giske kommune. Formålet med prosjektet er å utvikla meistringstru og relevant kompetanse slik at personen som vaksen kan delta i arbeidslivet, vere mest mogleg økonomisk uavhengig, ha eigen bustad og vere del av eit fellesskap.

Prosjektet har som mål å utvikla eit godt heilskapleg tilbod til born, unge og vaksne med høgtfungerande autisme i Giske kommune. Prosjektet tek sikte på å heva kompetansen i alle ledd i kommunen og å utvikla konkrete tiltak/tilbod/verktøy.

TALK prosjektet starta  i 2015 og vart  avslutta i 2023.

Innhaldet i prosjektperioden har vore: 

  • Grunnkurs til barnehagar og skular om autisme 
  • Etablering av grupper for foreldre til barn/ungdom/vaksne  med autismespekterdiagnose
  • Kompetansehevingsseminar og fagdagar for tilsette og pårørande 
  • Autisme ungdomsgruppe ( er eit tilbod i 2024)

Autisme ungdomsgruppe  
Har du Asperger syndrom/ høyt fungerende autisme, er mellom 16 og 26 år og bor i Giske kommune?

Ungdomsgruppa starta i 2021 og  møtes annenhver uke i 2 timer med  fokus på de sosiale aktivitetene som kvar enkel ønsker/likar å holde på med. I løpet av økta er det servert pizza og brus.

Målet med denne gruppa er å treffe andre som har det litt på samme måte som deg og ha det hyggelig samen, å få en sosial møteplass, samt å bli bedre kjent med deg selv gjennom økt kunnskap om autisme.
Dei som er interesserte i å delta, vil bli kalt inn til enesamtale der dei vil få meir informasjon om gruppa, vil bli kjent med gruppeledere og får se lokale kor vi møtas.

Gruppeledere:

Julie Roald. Julie er helsefagarbeider og  jobbar til daglig på bufelleskapa på Valderøya

Benedict Absalonsen. Benedict er miljøarbeider og jobbar til daglig på bufelleskapa på Valderøya og Godøya

Møtested: Valdervoll Klubbhus
Dato: annankvar måndag kl. 17.00- 19.00

Påmelding eller spørsmål: Benedict Absalonsen, tel. 40235628 benedict.absalonsen@giske.kommune.no; Julie Roald tel. 98667901 julie.rendal.roald@giske.kommune.no

 

 

                                 

 

Bilde av barnestøvler i ein sølepytt - Klikk for stort bilete