Tryggleiksalarm nyttast når ein person har helseutfordringar. Det kan vere nedsett funksjonsevne, medfødd eller erverva skade, eller sjukdom som gir grunnlag for å få ei teneste frå kommunen. Tryggleiksalarmen blir nytta dersom ho blir vurdert som ei passande løysing for personen.
Personar som har tryggleiksalarm, ber eit smykke eller eit armband med ein knapp. Når personen treng hjelp, trykkjer ein på knappen og kjem i kontakt med responssenteret, som svarar gjennom alarmboksen. Ved behov varslar dei heimebasert omsorg, som reiser heim til personen. Responssenteret er bemanna 24 timar i døgnet.
For å få tryggleiksalarm må ein søkje til tildelingskontoret. Det er ein eigenandel knytt til tryggleiksalarmen.
Søknadsskjema og satsar finn ein her:
Oversikt over betalingssatsar i omsorg 2024
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
Sist endra 09.10.2024 11.32