Kva er digitalt tilsyn?

Leverandør av digitalt tilsyn er Omsyn. Her finn du meir info om dei.

Vi får ofte spørsmål kva digitalt tilsyn er. Her får du eit innblikk i kva det er:

Kva er telemedisinsk tilsyn?

Telemedisinsk tilsyn vert nytta når ein vil sikre pasienten sin tryggleik sjølv utan at helsepersonell eller pårørande er til stades. Ved bruk av sensorar, kan ein måle pasienten sine vitale funksjonar og evt. bevegelsar. Ved unormale tilstandar vert helsepersonell og/eller pårørande vasla vi SMS, slik ein kan iverksette nødvendige tiltak.

Eksempel:
Hjå Kari Nordmann er det installert ei kommunikasjons boks. Denne boksa bidreg til trådlaus og sikker kommunikasjon mellom sensor/kamera og helsepersonell/pårørande. Boksa gjer at all data sendast kryptert via mobilnettet.

Hjå Kari Nordmann er det installert ein sensor i senga som målar pust, puls og om ho søv eller ikkje. Ho har også ein tilsvarande sensor i godstolen sin. I tillegg er det installert to kamera heime hjå Kari. Eitt som viser gangen og kjøkkenet, og eitt som viser golvet på soverommet. Begge kamera fungerer også når det er mørkt.


Det er sett inn alarm på Kari sin sengesensor, slik at helsepersonell eller pårørande får SMS dersom Kari i løpet av natta har vore ute av senga si meir enn 15 minutt. Då kan ein gå inn på  kameraet og sjå om Kari har dotte på golvet. Dersom det er behov for fysisk hjelp reiser ein ut til Kari. Dersom Kari ikkje er i seng, og ikkje kan observerast på kamera må ein reise ut til ho uansett. Det vert også sendt SMS dersom Kari legg seg i senga igjen i mellomtida.

Tilsvarande kan ein få melding dersom vitale parameter, som til dømes pust eller puls er utanfor normalområdet. Då kan ein enten gå inn på kameraet og prate med Kari, ta ein telefon, eller reise ut på tilsyn.

Teknologien er meint som eit supplement til ordinær helseteneste. Det gir auka tryggheit, også utanfor dei tidsperiodane ein likevel har besøk.