Kva tilbyr vi?
Tryggleiksalarm er ein fastmontert alarm i heimen din som du kan bruke for å komme i kontakt med helsefagleg personell i ein akutt situasjon. Tryggleiksalarmen er kobla til eit responssenter, som vidare tek kontakt med heimesjukepleien. Heimesjukepleien i kommuna rykker ut heile døgnet dersom alarmen går. Alarmen skal medverke til å skape tryggheit og sikkerheit for å kunne bu lengst mogleg i eigen heim.
Kven kan få tilbudet?
Eldre, funksjonshemmede og andre som kan føle seg uttrygge på å bu åleine.
Pris
Kr 422,- pr mnd i 2024
For å søkje på denne tenesten brukar du søknadsskjema Søknad om helse og omsorgstenester.
Publisert 14.11.2017 12.40