Hukommelseteamet er eit lågterskeltilbod. Det vil seie at det ikkje er nødvendig med legeerklæring eller søknad for å ta kontakt og tilbodet er gratis. Fastlegar, helsepersonell i kommuna, enkeltpersonar, pårørande og venner kan ta uforpliktande kontakt med oss. Vi samarbeider med fastleger, tildelingskontoret, heimetjeneste m.fl. Vi utfører heimebesøk i samråd med fastlege. Hukommelseteamet har tilhaldsstad i kjellaren på Vigra omsorgssenter og har kontortid kvar mandag.
Hukommelseteamet i Giske kommune kan tilby:
· heimebesøk med kartlegging av kognitiv funksjon.
· kartlegging av sikkerheit i heimen
· råd og rettleiing
· samtale med pårørande
· hjelp til å søkje tenester og aktuelle hjelpemiddel
· samtalegruppe for pårørende.
Kommunen har eige omsorgssenter tilrettelagt for personer med demens, Vigra omsorgssenter og har fokus på kompetanseheving gjennom opplæringspakken Demens ABC. Hukommelseteamet er kontaktperson for ABC gruppene
Oppfølging av pårørande
Vi tilbyr Pårørendeskule i samarbeid med Ålesund og omegn. Dette er eit kurstilbud til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom.
Nettsider og app
Sist endra 26.09.2024 09.02