Bufellesskap for personar med nedsett funksjonsevne, som treng hjelp og/eller tilrettelegging i kvardagen (ADL – Activity of Daily Living).
I Reset bufellesskap er det seks bustader, men den eine bustaden er nytta som personalrom / kontor.
Kvar bustad inneheld kjøkken / stove, eit soverom og bad / vaskerom. I tillegg har kvar bustad tilknytt ei innebod og ei utebod for oppbevaring.
I midten av bufellesskapet ligg eit fellesareal, som inneheld ei stor stove med kjøkkenkrok, samt eige gjestetoalett.
Fellesområdet vert nytta dagleg, mellom anna til felles måltid for bebuarane i bufellesskapet, samt til felles sosiale aktivitetar.
Publisert 16.11.2017 12.38