Legevakt

Legevakta i Giske kommune er tilgjengeleg dag og kveld alle dagar.

Om natta, frå klokka 22-08, er det interkommunal legevakt i Ålesund.

Kontakt legevakt

Medisinsk naudhjelp: Ring 113
Giske legesenter: Ring 701 88 500
Nasjonal legevakttelefon: Ring 116 117

Legevakt i Giske dag og kveld

Klokka 08-22

Du må ringe for avtale viss du treng kontakt med legevakta i Giske.
Legevakta ligg i lokala til Giske legesenter på Ytterland på Valderøya.
Legesentert i Giske si heimeside

Treng du legevakt på dagtid på kvardagar bør du kontakte fastlegen din.

Viss fastlege ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente må du vende deg til legevakta i den kommunen du oppheld deg i.

Ring 116 117.

Legevakt i Ålesund natt

Klokka 22-08

Ålesund interkommunale legevakt er legevakt for Giske kommune

om natta mellom klokka 22 og 08.

Du kan ringe eller møte opp utan avtale.

Telefonnnummer 116 117 (dette gjeld i heile landet).

Ålesund interkommunale legevakt ligg ved Ålesund lokalmedisinske senter (tidlegare Åse Sjukeheim) på Åse.

Det er sett opp skilting til legevakta.
Meir info om interkommunalt legesamarbeid finn de her.  

Kart