Kven kan ha behov for habilitering og rehabilitering?
- Personar som pga. skade eller sjukdom har fått nedsett funksjonsevne og treng bistand i dagleglivet
- Personar med kroniske sjukdomar
- Personar med medfødt funksjonssvikt
- Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem
- Personar som grunna redusert funksjonsevne treng hjelp til planlegging av ny kvardag, tildømes i overgang frå barnehage til skule, mellom ulike skular, frå skule til arbeidsliv og endring i butilhøve
Mål med habiliterings-og rehabiliteringstenesta i Giske kommune:
- Personar med behov for koordinerte tenester veit kvar dei skal vende seg for å få hjelp
- Personar med behov for koordinerte tenester opplever tenestetilbodet som samordna, koordinert og individuelt tilpassa
- Personar med behov for koordinerte tenester opplever brukarmedverking, og at tiltak og teneste tek utgangspunkt i den einskildes ressursar.
Publisert 23.10.2020 13.35