Kva er Ungdata?

Ungdata er ei lokal ungdomsundersøking. Det er eit spørjeskjemabasert verktøy som inneheld spørsmål og tema knytta til familie, vennskap, skule, lokalmiljø, helse, mobbing, regelbrudd og fritid. Undersøkinga vert gjennomført elektronisk og i skuletida i ungdomsskular og vidaregåande skular i mange kommunar.  Du kan lese meir om ungdata her.

Ungdata i Giske

Giske kommmune gjennomførte si første Ungdata-undersøking i 2013. Rapport frå denne undersøkinga finn du her på sida.

Ny undersøking vart gjennomført i 2017, og rapportane frå denne finn du også nederst på sida..

I samband med Ungdata-undersøkinga i 2017 vart det gjennomført eit arbeid for at ungdommane sjølve skulle få tolke og forklare resultata. Dette vart gjort på den måten at ungdommar i Barn og unge sitt kommunestyre i Giske kommune (BUKS) først fekk arbeide med resultata, før vi tok med oss resultata ut i ungdomsskulane. Niande og tiande klasse ved Godøy ungdomsskule og ei niande og ei tiande klasse ved Valderøy ungdomsskule har fått arbeide med resultata, individuelt og i grupper.

Resultatet av dette arbeidet er grunnlaget for fem korte filmar laga av Fuglefjellet. Filmane inngår som sentral og viktig del av presentasjonen av Ungdata-undersøkinga og tolkinga av den.

Kommunen si deltaking i prosjektet «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse» har vore viktig for at kommunen kunne arbeide ilag med BUKS, ungdomsskulane og elevane der, samt Fuglefjellet for å tolke og presentere resultata frå Ungdata på denne måten.

Ungdata gir moglegheit til å kunne samanlikne tala i Giske frå 2013 til 2017, ein kan samanlikne med gjennomsnitt i fylket, i landet og med kommunar av om lag same størrelse. 

Presentasjon av filmar og resultat frå Ungdata 2017 / 2018

Ei rekke resultat frå Ungdata-undersøkinga og frå tolkingsarbeidet er presentert i fem delar; området vi bur på, skjerm og fritid, skulekvardagen, stress og press, og fellesskap. Presentasjonen inneheld film og kommentarar, forklaringar og resultat knytt til kvar film.

Området vi bur på

Oppsummert kan ein seie at ungdommane i Giske gir bilete av at plassen dei bur på er vakker, trygg og litt kjedeleg.

Sjå filmen "lokalområdet".
 

Kommentarar, forklaringar og resultat knytt til tema området vi bur på

I det følgande blir nokre resultat knytt til tema lokalområde trekt fram, som utdjuping og nyansering til filmen. Du kan også lese og finne fleire tal i rapportane i menyen til høgre.

Ungdom flest i Giske trivast i sitt nærområde, og dei fleste opplev det som trygt å ferdast ute om kvelden. Vi såg i filmen at berre 4 av 10 kunne tenke seg å bu her som vaksen. Ei viktig presisering er at 37 % svarer ”veit ikkje” på det spørsmålet. I undersøkinga spør ein også om ein kunne tenke seg å la eigne barn vekse opp her, og då er det 64 % som svarer ja. 

Det kjem fram at ungdommane synes Giske kommune blir litt kjedeleg i ungdomsåra, og at ein ønsker fleire tilbod.

 

Bilete her viser nokre av kommentarane frå ungdommane på resultatet om at færre er fornøgd med lokalmijøet i 2017 samanlikna med dei som svarte i 2013.

Ungdom i dag veks opp i ei globalisert verd der menneske, meiningar og inntrykk vandrar på tvers av landegrenser og sosiokulturelle skiller. Det lokale og tilhøyre til nærmiljøet har likevel fremdeles stor betydning. Tilbodet av organisasjonar, fritidstilbod og kulturtilbod påverkar korleis den enkelte kan utfalde seg og bidreg samtidig til å skape identitet og tilhøryre i eit lokalmiljø. Det same gjeld tilgongen til åpne møteplassar, rekreasjonsområde og urørt natur. Opplevinga av lokalmiljøet vil og vere prega av moglegheitene til utdanning, arbeid og familieetablering på sikt.

Kor fornøgde ungdommane er med lokalmiljøet varierer fra kommune til kommune. Det viser kanskje at kommunene har eit handlingsrom for å tilrettelegge for ungdom sin trivsel.

Figuren over viser at 43 og 39 % av ungdommane opplev tilbodet av idrettsanlegg å vere henholdsvis svært bra og nokså bra. Del ungdommar som svarer svært bra og nokså bra er litt lavare når dei svarer på korleis dei opplev kulturtilbodet, lokale å treffe andre på og kollektivtilbodet.

Analyser av Ungdata 2014 og 2015 (totalt 120 000 elevar i alderen 13-19 år) viser at sosioøkonomisk status i familien har stor betydning for ungdom sine levekår og livskvalitet. Ein finn at denne samanhengen er gradvis, og at sosioøkonomisk status slår ut på nærmast alle indikatorar for levekår og livskvalitet som er inkludert (Bakken, A., Frøyland, L.R.& Sletten, M.A., 2016). Blant anna viser analysene at ungdom som har få ressursar heime (sosiale og økonomiske) deltek sjeldnare i organisert fritidsaktivitet og bruker meir tid på skjermaktivitet. Omvendt ser ein at ungdom frå familar med mindre sosiale og økonomiske resurssar er meir aktive brukarar av dei uorgansierte tilboda, som ungdomssklubben, biblioteket etc. Det er dermed ikkje tilfeldig kven som deltek og bruker ulike type tilbod.

Ungdommane fekk blant anna arbeide med målsettinga om at området vi bur på skal bli dårleg. Figuren over viser nokre av kommentarane og innspela som ungdommane kom med.

Vidare fekk ungdommane arbeide med korleis ein ønsker at det skal vere, og figuren under viser resultatet av arbeidet i ei gruppe i 10.klasse.

 

 

 

Skjerm og fritid

Oppsummert kan ein seie at ungdommane i Giske bruker meir tid foran ein skjerm samanlikna med snittet i landet. Dette kan vere både telefon, nettbrett, datamaskiner, play station eller lignande.
Det kan sjå ut som at ungdommane meiner dette skuldast både stor tilgong på skjerm, stort og variert tilbod på nett og opplevinga av mangel på alternativ.

Kommentarar, forklaringar og resultat knytt til tema skjerm og fritid

I det følgande blir nokre resultat knytt til tema skjerm og fritid trekt fram, som utdjuping og nyansering. Du kan også lese og finne fleire tal i rapportane i menyen til høgre.

Det er vanskelig å tenke seg eit liv utan smarttelefon og digitale medium. Det er del av vår kvardag. Vi kan kommunisere og komme i kontakt med andre på nett, og gjennom nettet får vi informasjon om kva som skjer. For mange ungdommar er dei nye mediuma ein veldig viktig sosial arena, og det kan vere både vanskeleg og innebere konsekvensar for det sosiale livet å ikkje vere til stades.

Mange spør seg om det kan bli litt for mykje skjermtid, og for nokre kanskje litt for lite kontakt med andre utenom skjermen.

Elevar frå niende og tiende klasse fekk kommentere på dette resultatet om at «elevar i Giske bruker meir tid foran skjerm samanlikna med snittet i landet» Figuren under viser nokre av kommentarane eller forklaringane dei kom med:

Det ser ut som at mange ungdommar tenker at det blir mykje skjermtid fordi det er so lett tilgjengeleg, fordi der er mange valmuligheiter og fordi det ikkje er so mykje anna som skjer.

Det kan også sjå litt ut som at nokon av ungdommane synes det blir litt kjedeleg at alle berre held på med telefonar, ipad og datamaskiner, og at ein kanskje heller kunne tenke seg å møtes og finne på noko.

Eit anna resultat i Ungdata er at når ein samanliknar ungdata i 2017 med ungdata i 2013, so ser det ut til at ungdommane i dag er mindre ute ilag og mindre på besøk med kvarandre enn det ungdommane i 2013 var. Figuren under viser nokre av kommentarane frå elevar i niende og tiende klasse på det resultatet:

Ungdom i dag er kanskje ikkje mindre sosiale enn ungdomsskuleelevane i 2013, men er altso meir sosiale på nett.

Bilete under viser arbeidet til ei gruppe elevar som jobba med tema skjerm og fritid, og her skriv dei litt om korleis dei ønsker at det skal vere

«Ungdom skal kunne bruke skjerm, men fortsatt vere sosiale» - dette er denne gruppa sin visjon. Dei har sett på ein del punkt som seier noko om korleis ein skal få til dette.

 

 

Skulekvardagen

Skulen er sosial og kjekk for dei fleste elevane, men elevane fortel at skulen er teoritung og har lite praktisk arbeid og derfor blir tidvis kjedeleg.

Kommentarar, forklaringar og resultat knytt til tema skulen

I det følgande blir nokre resultat knytt til tema skulen trekt fram, som utdjuping og nyansering. Du kan også lese og finne fleire tal i rapportane i menyen til høgre.

Figuren under viser at dei fleste elevane trivast på skulen, dei fleste har opplevinga av at lærarane bryr seg om dei og at dei passar inn blant elevane. Gutane ligg nokre få prosentpoeng over jentene på alle desse tre punkta. Figuren viser også at ein del elevar kjeder seg på skulen, og at nokre elever kjenner at dei grur seg til å gå på skulen. 

Elevar i niande og tiende klasse har fått kommentere på resultatet om at 78 % oppgir å kjede seg på skulen. Figuren under viser nokre av kommentarane / forklaringane dei har:

Tala i Giske skil seg ikkje vesentleg frå landsnivået. Tala på landsnivå varierer frå 60 % blant jentene i 8.trinn til 72 % blant gutane i 10.trinn som svarer at dei kjeder seg. Men, BUKS trakk fram dette resultatet og vi må spør om 78 % er litt høgare enn ein ønsker.

Oppsummert kan ein seie at elevane i sine kommentarar snakkar om

-        Lite variasjon i undervisninga

-        For lite praktisk jobbing

-        For teoritungt

-        Mykje repetisjon gjer det kjedeleg

-        Gøy i friminutta og kjedeleg i timane
 

Elevane presiserer at det er stor variasjon mellom faga og mellom lærarane. Dei tek også opp ønske om meir sosialt byggande aktiviet som til dømes aktivitetsdag, fleire ting å gjere i friminutta, god kantine etc.

88 % av jentene og 94 % av gutane svarer «heilt enig» eller «litt enig» i påstanden «Jeg trives på skolen», og det ser ut til at elevane i stor grad knytter dette til sosiale tilhøve ved skulen:

Skulen er ikkje berre ein stad for læring, men også ein arena for sosialt samvær. Den sosiale sida ved skulen blir kanskje ekstra viktig i ei tid der digitale kommunikasjonsformer preger mykje av fritida til ungdommane.

Samanlikna med ein del andre land er trivselen i norsk skule høg. Forsking frå Ungdata nasjonalt viser at skuletrivsel varierer med elevane sin sosiale bakgrunn. Det er flere som trivast på skulen i familiar der foreldra har høg sosioøkonimisk status samanlikna med dei som veks opp med færre ressursar heime.

Når ein samanliknar tal frå Ungdata i 2013 med tal frå Ungdata i 2017, so ser ein at færre er fornøgd med skulen (62 %) i 2017 samanlikna med 2013 (71 %). Det ser ut til elevane knyt dette til fysisk tilhøve ved skulebygningar. Når dei får spørsmål om resultatet stemmer og blir bedt om å forklare, so har dei blant anna desse kommentarare:

·       «Skulen er litt gammel, dårlig luft. Men miljøet er bra»

·       «Temperaturen er ofte dårleg (for kaldt/for varmt). Ekle garderober med mugg i dusjen»

·       «Fordi mange har lyst at skulane skal pussast opp. Også er det mange som synes det er for mange vikarar»

 

 

Stress og press

Elevar i Giske oppgir å kjenne på stress og press på ulike måtar. Tala for jentene ligg generelt ligg høgare enn for gutane, men også gutane rapporterer om press og stress. Når ungdommane får arbeide med tema kjem det fram at stress og press kan oppstå frå fleire hald. Det ser ut til å vere knytt delvis til skule og prestasjonsjag, men minst like mykje til mellommennesklege forhold og det ein kanskje kan kalle eit perfeksjonsjag i livet generelt. 

Sjå filmen "Press og stress"

Kommentarar, forklaringar og resultat knytt til tema stress og press

I det følgande blir nokre resultat knytt til tema stress og press trekt fram, som utdjuping og nyansering. Du kan også lese og finne fleire tal i rapportane i menyen til høgre.

I Ungdata kjem det altso fram at ungdommane i Giske kjenner på ein del press. Ut fra tala kan det sjå ut som at jentene kjenner på meir press enn gutane. Press om å gjere det bra på skulen, sjå bra ut, gjere det bra i idrett. Dei gule linjene er jentene og dei blå linjene er gutane.

I filmen får vi høyre at 75 % av jentene opplever å bli stressa av skulearbeidet. Ser ein til dømes på tid brukt til lekser, ser vi også at jentene bruker meir tid på det samanlikna med jentene:

Vi veit ikkje om det er meir press blant jentene eller om jentene er flinkare til å fortelle om det, eller at kanskje det er forskjell på korleis jenter og gutar tolker spørsmåla i undersøkelsen. Men, uansett er tala som dei er. Det er viktig at ungdommane veit at noko stress og press er normalt og slik som alle kan kjenne på. Dersom presset og stresset blir stort, er det imidlertid viktig å undersøke kvifor det oppstår. 

Kvar oppstår stress og press:
Ungdommar i niande og tiende fekk i oppgåve å arbeide med korleis vi kan nå målet om at so mange ungdommar som mogleg skal kjenne so mykje stress og press som mogleg. Bilete under viser nokre av momenta som ungdommane trekk fram:

Momenta elevane tek opp kan kanskje delast i to:

  • Karakterar
  • Meir prøver
  • Konstant vere betre eller gjere meir
  • Dersom alt skal gjerast til ein bestemt tid og det er mykje av det
  • Å gjere alt til ein konkurranse

 

Dette er moment som har kanskje har med skulen og skulekvardagen å gjere.

Men, andre moment elevane trekk fram for å få mest mogleg stress og press handlar om korleis folk er

  • Folk kan slenge meir dritt etter dei som ikkje er perfekte
  • Berre vise det perfekte bilete
  • Samanlikne med andre
  • Baksnakking
  • Det blir stress og press av at andre seier det er press og stress

 

Det ser altso ut som at ungdommane meiner stress og press kan oppstå frå fleire hald.

Søvn:
Eit anna resultat som blir tatt opp i filmen er at 29 % av ungdommane i Giske oppgir å ha søvnproblem. Søvnbehovet er auka i ungdomsåra, og det vil derfor vere rekna som normalt at ungdom er trøytte om morgonen og kan ha behov for å sove lenge i helgene.

Men, om ein strevar med å sovne på kvelden, eller vaknar tidleg og ikkje får sove igjen, kan det vere bekymringsfullt. Søvn er viktig av fleire grunnar, og det er ei uro i folkehelsesamanheng at mange ikkje prioriterer skikkeleg søvn.

Ungdommane fekk anledning å kommentere på dette resultatet, og bilete under viser nokre av kommentarane dei kom med. I hovedtrekk kan ein seie at ungdommane meiner at ein del av forklaringa kan vere at mange held på med skjerm på senga eller heilt til dei skal legge seg. For eksempel skriv dei:

  • trur det stemmer pga auka skjermbruk før leggetid. Påvist at dette forstyrrer søvnen
  • mange liker å sitte oppe lenge på mobilen. Da får de søvnproblem

Nokre skriv også at det er knytt til stress og press. For eksempel:

  • Unge har kanskje mykje å tenke på med skule og idrett og  prestasjonar, som skaper stress og held ein oppe om natta. Fleire sit sikkert også med mobilen og får ikkje sove pga det sterke lyset
  • stress og vonde tankar kan gjere det vanskeleg å søve

Korleis kan vi reduserer stress og press:
Når ungdomsskuleelevar fekk arbeide i grupper med kva som skal til for å redusere stress og press, so tek dei opp tema som forventningar, toleranse, sammenlikning og rausheit. Dei snakkar om korleis vi er mot kvarandre, korleis samfunnet vårt er og korleis vi ønsker at det skal vere.

Bilete under viser arbeidet til ei gruppe. Denne gruppa som laga denne trur det kan bli mindre stress og press hvis

  • Forventningane blir tilpassa individet
  • Hvis vi slutter å sammenligne oss med andre
  • Hvis vi fokuserer på det positive
  • Hvis vi innser at at alle er forskjellige og at ein ikkje kan vere god i alt
  • Hvis vi slutter å sette folk i bås
  • Hvis vi tillet at alle har forskjellige mål og ambisjonar

Bilete under viser arbeidet til ei anna gruppe som snakka om mykje av det same. Denne gruppa seier at dei ønsker at vi Ikkje dømmer på grunnlag av førsteinntrykk, at vi minner andre på dei positive sidene ved kvarande, og at vi kan akseptere at alle er annerledes og er bra nok på sin eigen måte.

Dei meiner at det blir mindre stress og press hvis det ikkje er eit fasitsvar på korleis ein skal vere. Hvis vi alltid skal leve opp til ein fasit, er det lett for at mange kan bli litt stressa og pressa. Særleg dersom denne fasiten er lite fleksibel. Kanskje er det slik at mange, ikkje bærre ungdommane, hadde hatt godt av at vi i samfunnet tona ned denne fasiten og opna meir opp for at vi er forskjellige og kan vere oss sjølve.

 


 

 

 


 

 

 

Fellesskap

Opplev ungdommane i Giske å vere del av eit fellesskap?

Oppsummert kan ein seie at dei aller fleste ungdommane i Giske har det bra. Samstundes ser ein at nokre resultat kan gi ein indikasjon på at nokre ungdommar kjenner seg åleine. Det kan vere fleire grunnar til at ein kjenner seg åleine. I ungdomsåra skal ein finne ut av kven ein er og vil vere, og denne prosessen kan kanskje i sin natur opplevast som litt einsam. Samstundes er tala for Giske litt høgare enn om vi samanliknar oss med landssnittet. Ungdommane sjølve ser ut til å knytte opplevinga av å vere åleine til det å ikkje ha nokon å vere ilag med, til korleis ein er mot kvarandre og til opplevinga av om du kan vere deg sjølv.

Sjå filmen "Fellesskap"
 

Kommentarar, forklaringar og resultat knytt til tema Fellesskap

I det følgande blir nokre resultat knytt til tema fellesskap trekt fram, som utdjuping og nyansering. Du kan også lese og finne fleire tal i rapportane i menyen til høgre.

Vi ser i filmen at skulen er ein svært viktig arena for ungdommane sine moglegheiter til å vere sosiale og til å kjenne på fellesskap. Dei fleste elevane svarer at dei trivast på skulen, at dei har opplevinga av at lærarane bryr seg og at dei passar inn blant elevane. Samstundes ser vi at ikkje alle har det slik. 

Vi såg i filmen om skulekvardagen at ungdommane knyt trivsel i skulen i stor grad til det sosiale ved skulen.

Vennskap
Det å ha venner betyr at ein er godtatt, det markerer tilhøyre og det seier noko om kven ein er. I Ungdata blir det spurt om du har minst ein venn du kan stole fullstendig på. Figuren under viser svarfordelinga:

Dei fleste har opplevinga av å ha ein slik venn, men ikkje alle. Neste figur fortel litt om kvifor vennskap kan vere viktig og kva ungdommane i Giske har svart:

Eit av resultata i Ungdata er at 90 % av elevane svarer at dei av og til eller ofte kan finne nokon å vere ilag med viss dei ønsker det. Elevane i niande og tiande fekk kommentere på det resultatet: 

Det ungdommane her seier er blant anna at å finne nokon å vere saman med betyr ikkje alltid at ein er venner som forstår kvarandre.

Mobbing og utfrysing:
Vi såg i filmen at det er ungdommar i Giske som kjenner seg mobba og utestengt. 4 % av gutane og 8 % av jentene svarer at dei blir utsett for plaging, trusler eller utfrysing av andre minst kvar veke.

Undersøkinga inneheld også spørsmål om ein har opplevd plaging, sårande oppførsel eller utestenging på nett, og fleire svarer at dei har det. 13 % har opplevd å bli trua via nett eller mobil, 28 % har opplevd at nokon har skrevet noko sårande på nett eller mobil, 12 % har opplevd at nokon har lagt ut sårande bilete eller video og 23 % har opplevd at nokon har steng dei ute frå sosiale ting på nettet.

I filmen viser ein til at det er fleire som rapporterer at dei blir utsett for mobbing og utestenging, enn talet som svarer at dei er med på det, og ein spør om noko av mobbinga og utestenginga er ubevisst. Om ein ubevisst mobbar, sårer eller stenger ute nokon på nett, so er det ein risiko for at ein ikkje oppfattar det. På nett og mobil ser vi ikkje ansiktsuttrykk og kroppsspråk og mister dermed muligheten til å sjå korleis det vi skriv eller ikkje skriv blir oppfatta. Dette er viktig at ungdommane er bevisste på.

Korleis kan vi få andre til å kjenne seg utestengd:
Nokre elevar i niande og tiande fekk i oppgåve å jobbe med kva som skal til skal til for at mange skal kjenne seg utestengd. Bilete under viser litt av det dei svarte. 

Vi veit at det er ikkje alltid at alle er like greie med kvarandre i klasserommet, på spillchattar, sosiale media eller andre stadar. Vi høyrer til tider om eit røffare språk og ein røffare tone i fleire miljø.

Om vi skal ha eit inkluderande miljø so treng ein at alle elevane er sosialt trygge og kan sleppe å vere redde for å bli til dømes baksnakka eller oversett. Er dei ikkje trygge på det so veit ein noko om at det kan vere ein ubevisst strategi å halde andre nede ved til dømes baksnakking, å oversjå andre, sende frekke meldingar, skape allianser etc, nettopp for å halde seg sjølv oppe.

Åleine eller einsam:
Dei som blir mobba og utestengde, og kanskje ein del av dei som er i miljø prega av den type stemning / oppførsel som ungdommane beskriv i bilete over, kan oppleve å kjenner seg åleine.

Men, det kan også vere andre grunner til at ein kjenner seg åleine eller einsam. Det kan for eksempel vere hvis

·       Ein ikkje kjenner seg på bølgelengde med folk rundt seg

·       Ein har følelsen av at ingen kjenner meg særlig godt

·       Ein synes at folk er rundt meg, men ikke sammen med meg

I Ungdata ser vi at ein del ungdommar opplever det litt slik. Både jenter og gutar. Dette resultatet er vist i figuren under:

Alle kan kjenne seg litt åleine eller litt einsame til tider. Det må kunne seiast å vere del av livet. Men, vi ønsker ikkje at ungdommar i Giske kommune skal vere meir einsame eller åleine enn det ein reknar som normalvariasjon. Derfor ønsker vi å forstå kvar denne kjensla kjem frå. Elevar i niende og tiende fekk derfor kommentere på resultatet om at ein del ungdommar i Giske svarer at dei kjenner seg einsame. Dei har blant anna desse kommentarane:

Kommentarane kan kanskje fordelast på tre område:

Kommentarar knytt til om ein har nokon å vere ilag med.

  • «fordi ingen gidd å gjer ting»
  • «Fordi vi møtes mindre ute»
  • «mange kan ha venner innenfor skulen, men er ikkje med dei eller nokon i fritida»
  • «Eg er ikkje einsam på skulen, men på fritida» (Her ser vi at skulen er viktig som sosial arena.)

Kommentarar knytt til korleis ein er mot kvarandre i ulike miljø:

  • «Uansett om du ikkje ser så mange aleine er det stor sjans at ingen viser respekt i vennegjengen»
  • «Fordi dei ignorerer meg»
     

Kommentar knytt til oppleving av at «ingen kjenner og forstår meg»

  • «einsemd treng nødvendigvis ikkje å vere fordi ein har få personar/venner rundt seg. Det kan vere at ingen forstår deg heilt».

Vi ser at 33 % av gutane og 46 % av jentene svarer av og til eller ofte på påstanden «Jeg har følelsen av at ingen kjenner meg særlig godt». Vi veit ikkje om dette skuldast at det er slik ungdomsåra er i sin natur, at jantelova står sterkt eller at forventningane til kven ein skal vere og kva ein skal gjer er store. Det kan virke som at fleire ungdommar har kjensla av at ein må fylle ei bestemt rolle for å bli akseptert, eller at det er utrygt å vere seg sjølv.

Dersom ungdommane ikkje kan vere seg sjølve, om dei ikkje kan vise kven dei er og vise ulike type følelsar, so er det ein fare for at mange kan føle seg åleine. Alle ungdommar er både glade, redde, sinte, skamfulle osv. Ungdommane må få vere trygge på at andre vil dei vel, at dei skal kunne vise følelsane sine, og at dei skal sleppe å spele skodespel for å bli akseptert.

Bilete under viser arbeidet til ei gruppe som fekk arbeide med korleis ein ønsker at det skal vere: