Beredskap og tryggleik

Kontakt nødetatane ved behov for utrykning!

Politi: 112

Ambulanse: 113

Brann: 110

Legevaktsentral: 116117

Beredskapsleiing (kriseleiing) i Giske kommune:

941 66 992/ 416 16 109/ 417 01 931

Beredskap er å vere budd på innsats for å møte uventa kritiske situasjonar.

Beredskapssystemet i Giske kommune skal ta vare på innbyggarane ved nødhendingar og ekstreme situasjonar etter reglane som er fastsett i Lov om kommunal beredskapsplikt, Sivilbeskyttelseslova og forskrifter.

System for kommunal beredskap

Giske kommune har beredskapsplaner med rutiner og instruksar som rettleiar ved krisesituasjonar eller katastrofer.

Beredskapssystemet i Giske er slikt oppbygt:

  • Kommunestyret har overordna ansvar og mynde.
  • Beredskapsleiinga har det daglege ansvaret og er sett saman av kommuneleiinga og fagpersonell med kommunedirektøren (rådmannen) som øvste leiar.
  • Beredskapsrådet er rådgjevande organ der beredskapsleiinga har med seg eksterne etatar som kraftleverandørar, Vegvesen, Raude Kross, Sivilforsvar, Heimevern, interkommunalt brannvesen, Avinor, Kystverket, Hamnevesen og politi.
  • Stabstøtte er administrative hjelpefunksjonar i krisesituasjonar.
  • Kriseteamet er administrativt fagpersonell som kan rykke ut ved behov.

Kriseteam/ Omsorgsberedskap

Kriseteamet, eller Omsorgsberedskapsgruppa, er sett saman av personar med ulik fagbakgrunn. Kriseteamet si oppgåve er å sørgje for at personar som er råka av ei krise får naudsynt oppfølging og hjelp. Det er kommunedirektøren (rådmannen) som leiar av den kommunale beredskapsleiinga som kan kalle ut kriseteamet.

Brann og forureining

Giske kommune er del i eit interkommunalt samarbeid mot akutt forureining gjennom Ålesund Brannverndistrikt (IUA Sunnmøre) som på kort varsel rykker ut ved brann, trafikkuhell, redning på sjø og vatn, oljesøl og andre akutte samfunnsoppgåver.

Meir informasjon

Beredskapsplan

Styringsdokument for beredskap

Heilskapleg ROS-analyse for Giske kommune - Del 1 - Hovudrapport

Kva gjer vi når ulukka er ute - beredskap i Giske - Brosjyre

 

Slik kan du førebu deg på uønska hendingar - gå til https://www.sikkerhverdag.no/din-beredskap/

Artikkelliste