Ledige stillingar i Giske kommune

Velkomen som jobbsøkjar i Giske kommune!

Treng du hjelp, ta kontakt med personalavdelinga på tlf. 70 18 80 00.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du opplyse om og grunngje dette i søknaden din. Vi gjer ei konkret vurdering av ønskjet opp mot krav om offentlegheit. Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv etter ønskje om konfidensialitet, og søkjaren vil bli varsla på førehand om dette.

Nedanfor finn du dei stillingane som er ledige no. 

Ledige stillingar

Laster...

 

Støttekontakt

Ønskjer du eit meiningsfylt oppdrag?
Er du ein aktiv, trygg og omgjengeleg person? Då er det deg vi ser etter!

Giske kommune treng kontinuerleg støttekontaktar. Tenestemottakarane våre er born, ungdom og vaksne som kan ha fysiske og-/eller psykiske funksjonsnedsettelser. 
Desse oppdraga passer godt til studentar eller som ekstrajobb.

Som støttekontakt kan du bidra til at personar med ulike utfordringar får eit meir sosialt liv og i større grad kan delta på fritidsaktivitetar. Dette kan vere alt frå kulturelle arrangement, kino og svømmehall, friluftsliv m.m. 
Arbeidstida er hovudsakleg ettermiddag og kveld, men noko dagarbeid og helgearbeid kan og vere aktuelt. Dette avtalast med tenestemottakar. 

Støttekontaktar får løn av kommunen og køyregodgjersle etter avtale.

Kven kan bli støttekontakt?  

  • Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å setje i gong aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske.
  • Du bør vere ein god rollemodell, vere trygg på deg sjølv og ha evne til å samarbeide.  
  • Det er ingen krav til fagutdanning for å vere støttekontakt, med det vert lagt vekt på personleg eignaheit og ev. tidlegare erfaring/kompetanse.
  • Politiattest krevjast for alle nye støttekontakter 


Korleis bli støttekontakt? 
Send oss ein e-post eller ring dersom du ynskjer å bli støttekontakt. I ev. e-post fortel litt om kvifor du ønskjer å verte støttekontakt og legg gjerne ved ein CV. 
E-post: tildelingsteamet@giske.kommune.no
Tlf: 70 18 81 58