I 1. klasse er vi 7 jenter og 10 gutar, totalt 17 elevar.
Vi i 1. klasse har mange aktivitetar som vi liker å holde på med. Vi liker blant anna å leike både inne og ute, spele fotball, vere i lag med fadrane våre, disse, teikne og å synge. Vi er snille med kvarandre og synest det er kjekt å vere i lag både inne i klasserommet og ute i friminuttet. 1. klasse ELSKAR å leike ute i friminuttet!
I klassa vår har vi to klassebamsar, Trampe og Trampoline. Dei er med på mange av aktivitetane våre og er der som støtte for oss når vi treng litt trøst eller hjelp til noko. Kvar helg får Trampe og Trampoline vere med nokon frå klassa heim. Dette synest vi er stas.