Overgangar

Frå barneskule til ungdomsskule og ungdomsskule til vidaregåande

Overgang frå barneskule til ungdomsskule

Barneskuleelevane frå Vigra, Valderøya, Godøya og Giske, startar ved Giske ungdomsskule i 8. klasse. Skulen har eit nært samarbeid i forkant av overgangen, der ein blant anna set saman dei nye klassene. Elevane kjem på besøk til ungdomsskulen før sommarferien etter 7. klasse der dei får møte kontaktlærarane sine, bli kjende med skulebygga og helse på leiinga. 7. klassane er også faste gjestar på  musikalen.

Overgang frå ungdomsskulen til vidaregåande skule

Rådgivar ved skulen har faste møtepunkt med elevane på det ulike trinna med ulike førebuingar til vidaregåande skule. Sjå meir informasjon under Rådgivar på heimesida. Elevane har også faget Utdanningsval gjennom heile ungdomstrinnet. Faget handlar om interessene deira, og om dei ulike vala som fins innan den vidaregåande skulen, kva kompetanse dei får, og kva yrker utdanninga kan føre til.