Musikal

Musikalen - skaper relasjonar og minner

Vi har lange tradisjonar med å sette opp musikal for 10. trinnet. Våren 2020 hadde vi 20-års jubileum for musikaloppsettinga! Arbeidet med musikalen involverer heile trinnet, og bind elevane saman på tvers av klasser, gir nye venskap, og utfordrar elevane til å stå på fram mot ein «ekte» produksjon, nemleg fullsatt sal med publikum over fleire dagar.

 Musikalen har elevar frå valfaget Produksjon for scene som hovudaktørar i dans og skodespel, men rollebesettinga blir avgjort etter audition, og alle har sjansen til å få stå på scena. Det er eiga arbeidsgruppe for lyd og lys, for marknadsføring, sminke, kiosk og kulisser. Lærarar ved Kulturskulen er ofte leigd inn til ekstra undervisning i dans eller øving med band, men det aller meste står skulen for sjølv.

Slekt, vener og lokalsamfunnet blir invitert til heidundrande førestilling to kveldar på rad. Øyblikk og Sunnmørsposten er invitert, og elevane får vist fram sine skapande og kreative sider samla frå scena i gymsalen. Vi gler oss allereie til neste musikal!