Psykisk helse, barnevern, MOT

Giske Ungdomsskule samarbeider med fleire andre instansar. Dette er psykisk helse og barnevernet i Giske. Gå til Giske kommune si heimeside for meir informasjon.

Skulen har eit godt samarbeid med førebyggande politi gjennom fast kontaktperson. Førebyggande politi kan vere kopla inn ved foreldremøte, særskilte hendingar, førebyggande arbeid i klasser, ved særskile hendingar, delta i møter og skule/heimsamarbeid eller dei kan stikke innom skulen og vere tilgjengelege for ungdommane.

Giske kommune er MOT-kommune, og har eigne MOT-samlingar for klassene gjennom heile ungdomsskuleløpet. MOT arbeider med miljøskapande arbeid, haldningar til rus, mobbing, eigne val og andre sentrale tema for ungdommane ved skulen. Skuleåret 2021/22 ligg MOT under Giske ungdomsskule. Kvar torsdag held dei MOT-økter og arrangerer gratis treningar etter skuletid i samarbeid med Sprek365.

Våre MOT coachar er Kay Amund Vartdal og Øyvind Blindheim