Svømmeopplæring

Ferdigheiter i symjing og livredning er viktig både for sikkerheit og for at barn skal kunne delta i ulike aktivitetar i vatn. Barn treng erfaring og trening i vatn både i basseng og utandørs. Giske kommune har eit samarbeid med Bybadet for å legge opp til opplæring for elevane på 2.trinn, 4.trinn og 6.trinn. Undervisninga er obligatorisk og blir gitt på bybadet. 

I år blir undervisninga gitt intensivt i ein periode. Giske skule har fått tildelt tid i bassenget frå veke 49. Meir informasjon blir gitt i løpet av hausten. Alle voksne som deltek i opplæringa har livredningsgodkjenning.