Kontrakt og reglar

Regler for ipadbruk-Giske skule (PDF, 160 kB)

Låneavtale nettbrett Giske skule (PDF, 51 kB)

Giske skule starta med satsing på nettbrett i skulen i 2015. Prosjektet går ut på å ta i bruk moderne teknologi i undervisninga. Lærebøker er ikkje eit framandord, men målet er å ha varierte læringsøkter kor lærar og elevar nyttar dei verkemidlane som er best egna. Eingongsbøker er i hovedsak bytta ut med iPader, produksjons-apper og internettilkobling. Finskriftsboka vil fortsatt eksistere då vi veit at elevane har behov for ei funksjonell handskrift.