Stipendordning for studenter innan sjukepleie og vernepleie 2024

 Giske kommune tilbyr 8 stipend à kr. 30 000,- årlig til studentar innan sjukepleie eller vernepleie som skal begynne på eller er i første eller andre studieår, eller i første semester tredje studieår. Avtalen gjeld for eitt år i gongen, og stipendet vert utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over.

Vilkår for ordninga:

  • du må binde deg til å arbeide i heil stilling i 5 veker i hovudferien (juni til august), og minimum  10 helgar i året. 2-3 av helgane må vere i hovudferien. Ved alt fråvær, både sjukefråvær og ev. anna fråvær må vaktene jobbast inn igjen for å innfri avtalen om stipend.
  • det er ikkje mulig å inngå avtale for deler av ordninga.
  • om du arbeider 6 veker i heil stilling i løpet av hovudferien får du kr. 15 000,- i tillegg.
  • løn etter tariff + kr. 20 000,- over minsteløn for dei som har fullført og bestått 1. studieår. Dei som har fullført og bestått 2. studieår får kr. 30 000,- over minsteløn.
  • ved brot på avtalen fell stipendet bort. 
  • om du slutter på studiet fell stipendet bort.
  • om du allereie er tilsett i Giske kommune med avtale om helgestilling vil faste helgar i turnus telje med. Dei 5 vekene i hovudferien må arbeidast, så ferien din må tilpassast avtalen og arbeidsgivar sitt behov. 
  • om du er tilsett i Giske kommune og slutter før avtaleperioden er ute fell stipendet bort.
  • arbeidsgivar tildeler arbeidsplass etter behov.

 

Ved tildeling av stipend legg vi vekt på at du :

  • har god munnlig og skriftleg framstillingsevne.
  • har evne til samarbeid og fleksibilitet.
  • er stabil og pålitelig.
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • har god digital kompetanse.

 

Søk stipend ved å følgje lenka under. Vi behandlar innkomne søknader fortløpande. 

Søk stipend her: