Brann i fiskebåt frå Giske kommune

 Det har vore ein alvorleg brann i fiskefartøyet Veidar, heimehøyrande i Giske kommune. Båten er no tatt under slep.

  

Alle 22 som var om bord då brannen starta i 20-tida fredag kveld er evakuert. Båten dreiv fiske utanfor Røst då brannen starta.

Hovedredningassentralen iverksette ein redningsoperasjon med to redningshelikoptre, redningsskøyte og Kystvakt. Mannskapet blir frakta inn til Leknes i Vestvågøy kommune.

Giske kommune har kommunikasjon med rederiet og kommunens kriseliing har hatt møte fredag kveld og laurdag morgon.

Giske kommune førebur seg på å hjelpe til når det er behov for det.

  • Dette er ei alvorleg hending. Vi ønskjer å stille oss til disposisjon for rederiet og hjelpe til med det vi kan. Vi har varsla våre tenester og førebur oss på å gi støtte til dei som treng det i denne situasjonen, seier ordførar Harry Valderhaug.