Tryggleikssirkelen/Circle of Security Parenting er eit foreldrerettleiingsprogram som er basert på 50 års forsking innan tilknytingsteori. Målet med kurset er å auka foreldrekompetanse og bidra til å byggja ein trygg relasjon mellom foreldre og barn.
Kurs i Trygghetssirkelen kan hjelpa deg med å forstå kva barnet ditt treng til dømes når minstebarnet græt, og du forstår ikkje kvifor. Treåringen vrir seg på golvet i protest og du lurer på om du skal gi nærleik, gi etter eller setja grenser.
- Kurset passar for alle foreldre.
- Du vil få eit «vegkart» for å forstå barnet ditt betre.
- Sentralt i kurset er å få innblikk i korleis eigne omsorgserfaringar bidreg til å forma deg som forelder .
Praktisk informasjon:
- Kurset er gratis.
- Barnet kan vera med ( gjeld barn opptil 6 mnd).
- Til stades er foreldre og to rettleiarar med sertifisering i COS-P.
- Kurset går over sju gruppesamlingar og kvar samling tek 1,5-2 timar.
- Me legg opp til drøftingar og refleksjonar i gruppa.
Sted: Giske frivilligsentral
Tid: Tirsdager kl 13.30
Kurs 1 2025: 14/1 21/1 4/2 11/2 25/2 4/3
Kurs 2 2025: 1/ 4 8/ 4 22/4 29/4 20/5 27/5 3/6
Kurs 3 2025: dato for oppstart kjem
Kurs 4 2025: dato for oppstart kjem
Påmelding: send mail med navn, telefonnummer og kva kurs du ønskjer å delta på til anne.birkevold@giske.kommune.no
For meir informasjon om tilbodet ta kontakt med Anne Birkevold (helsestasjonen) 92433115 eller Anne Marte Båtsvik Liaaen (Psykisk helseteam for barn, unge og familier) 90037511
Informasjonsfilm om Trygghetssirkelen