Aktuelt -Kva skjer i Giske?

Redusert opningstid i ferien (servicekontoret, personal og løn, plan- og byggesaksavdeling)

Servicekontoret på rådhuset har redusert opningstid i ekspedisjonen og mindre telefontid i sommar. 

Plan- og byggesaksavdelinga vil også ha redusert opningstid og telefontid i sommar. 

Personal og løn er stengt frå og med 15.juli til og med 2. august.

Helsestasjonen vil ha litt redusert kapasitet. 

Frå og med 1. juli til og med 2. august har servicekontoret telefontid frå kl. 10-12. 

Ekspedisjonstid servicekontoret i samme periode er frå kl. 10-kl.14.    

 I veke 28 og 29, frå 8. juli til og med 19. juli blir det ikkje lagt ut postlister pga av ferieavvikling.  

Plan- og byggesaksavdelinga er berre open for publikum tysdag og torsdag frå og med 29.juli til 16.august.

Plan- og byggesaksavdelinga er åpne frå klokka 09.00-15:00 både tysdag og torsdag.  Du når oss på tlf 41 70 18 95 

Vi vil vere tilbake til vanleg åpningstider etter ferien.

Helsestasjonen vil vere tilgjengelig på telefon dei fleste dagane mandag - torsdag kl 08.00 - 13.30 på tlf.: 908 57 820, men enkelte dagar kan det vere redusert kapasitet grunna ferie.

God sommar! 

Artikkelliste

Viser 21-30 av 797 artikler, side 3 av 80