Kommunen har eit særprega kystmiljø med storslått natur og idylliske fiskevær, og kommunen har dei seinare åra vore i positiv utvikling med mykje nybygging, eit blømande næringsliv og med styrking av sjølvkjensle og eigenart.
Historie og attraksjonar
Giske kommune har ei spesielt rik kulturhistorie, med fleire gravfunn og fornminne som fortel om busetjing i fleire tusen år. På vestsida av Valderøy ligg Skjonghelleren, der det er funne restar av dyr og fugleartar som kan førast 30.000 år tilbake i historia. Marmorkyrkja på Giske vart bygd på 1100-talet av den mektige "Arnungeætta" og fungerer i dag som soknekyrkje for øya. Vikinghøvdingen Gangerolv kom frå Giske og grunnla hertugdømmet Normandie i Frankrike: Gangerolv er sett på sokkel i byen Rouen med kopi av statuen i byparken i Ålesund, og er minna med ein bautastein på Vigra. Alnes er ein særprega attraksjon med sommarkafe i den gamle fyrvaktarboligen og utsikt over hav og kyst frå fyret.
Kommunikasjonar
I dag bind bruer og undersjøiske tunnelar alle øyane i kommunen saman med fastlandet, med ei reisetid til Ålesund på ca 15. minutt. Ålesund lufthamn er den største flyplassen i Møre og Romsdal med 600.000 reisande og ligg på Vigra.
Avstand til Ålesund: 10 km
Avstand til Kristiansund (flyplass): 176 km
Avstand til Molde (flyplass): 80 km
Avstand til Åndalsnes (jernbane): 111 km.
Næringsliv
Giske er tufta på fiske, fangst og handel grunna nærleiken til havet og dei gode fiskeria ved og utanfor Mørekysten. I dag tel Giske omlag 250 verksemder og firma av ymse slag som dekkjer dei fleste næringsgreiner. Vekta ligg enno på primærnæringane og fiskeria, men der er òg mange aktive og større verksemder innanfor transport- og flyplasstenester, interiør- og trevareproduksjon og teknisk/ maritim industri - for å nemne nokre.
Skular/ barnehagar
Det er eit godt utbygt grunnskuletilbod i kommunen, og kort reiseveg til høgskulesenteret i Ålesund. Det er barneskular på alle dei fire øyane og ungdomsskular på Godøy og Valderøy. Kommunen har og musikkskule med omlag 130 elevar.
I kommunen finst fleire typar barnehagetilbod, både private og kommunale, Det vert oppna ny, privat barnehage på Gjøsundsætra hausten 2005.
Bustadar/ tomter/ industriareal
Tomter og bustadar er enno rimelege i Giske. Kommunen planlegg å leggje ut ei rekkje bustadtomter for sal dei næraste åra, i tillegg til private tilbod som finst gjennom eigedomsmeklarar.
Giske har store areal regulert til industriutvikling - spesielt knytt til områda ved flyplassen, Gjøsundet og den nye fiskerihamna i Geilevika på Godøya.
Helse- og sosialtenester
Giske har ei yngre befolkning enn gjennomsnitt i Norge og Møre og Romsdal, og har difor lågare registrert behov for hjelpetiltak enn vanleg. Helsevern og sosial omsorg er likevel ei svært viktig kommunal oppgåve, og er ein av dei tyngste sektorane i kommunen. Kommunen driv aldersheim, eldresentra og helsetun.