|
Barneskule på ordførarbesøk
|
Publisert 09.03.2010
|
3. klasse på Valderøy barneskule har nett vore på besøk til ordførar Knut Støbakk på rådhuset. Dei arbeider med ei samfunnsoppgåve, og då fann dei det tenleg å vitje ordføraren som er øvste politiske leiar i Giske kommune.
Les meir
|
Arkiv
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Folkemøte om eit levande Roald
|
Publisert 25.02.2010
|
Næringskontoret og kulturkontoret inviterte forleden til ope møte på Vigra skule om "eit levande Roald".
Det var ei aktiv forsamling som denne kvelden arbeidde seg gjennom eit hundretals forslag på tiltak for å gjere Roald meir levande, penare og meir attraktiv for busetting og næringsutvikling.
Les meir
|
Arkiv
|
|
|
|
Politikk og val
|
Publisert 23.02.2010
|
Giske kommunestyre er øvste folkevalde organ i kommunen med 23 medlemmar. Knut Støbakk (KrF) er noverande ordførar (2007-11).
Under kommunestyret ligg følgjande utval/ komitear:
- Formannskap (m/underutval)
- Komite for Tekniske saker (KT)
- Komite for Miljø og kultur (KMK)
- Komite for Oppvekst (KO)
- Komite for Helse, Sosial og Omsorg (KHSO)
Komitèane sine oppgåver er å stå føre den politiske førbuinga av saker som skal til kommunestyret.
Les meir
|
Arkiv
|
|
|
Varer og tenester
|
Publisert 23.02.2010
|
Som forbrukar har vi ulike rettar ved kjøp og sal. Nokre av desse er nedfelt i lovverket, andre er resultat av sedvane eller praksis (t.d. ved byte av julegåver).
Les meir
|
Arkiv
|
|
|
Gjeldsrådgjeving
|
Publisert 23.02.2010
|
NAV Giske gjev økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan vere frå å hjelpe med å setje opp realistiske budsjett til å bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar.
Les meir
|
Arkiv
|
|
|
|
|